Johannes kyrkje eller St. Johannes kyrkje eller Johanneskyrkja var ei kyrkje i Oslo som vart bygd i 1874–78 og riven i 1928–29. Kyrkja vart teikna av arkitekten Georg Andreas Bull.

Historie Kyrkja låg ved Christiania torv, mellom Akersgata og Øvre Slottsgate, og vart innvigd i 1878. Grunnen under kyrkja bestod av leire, og etter Osloskjelvet, som ramma store delar av det sørlege Noreg 23. oktober 1904, oppstod store sprekkar i muren, og kyrkja vart stengd i fleire år før det vart fatta rivevedtak. Dette vart gjennomført i 1928.

Kjelder skildrar utsmykkinga i kyrkja som svært enkel, men kyrkja hadde ei altartavle med eit krossfestingsbilete måla av Eilif Peterssen. Under krigen (altså etter at kyrkja var riven) vart dette biletet visstnok sendt til Tyskland og er ikkje sett sidan. Bildet er kopiert til fleire andre norske kyrkjer: Aremark, Stavsjø, Hov i Sunndal, Eina, Kvernes, Gaupne, Solvorn og Lundring.

Før kyrkja vart riven, hadde målaren Per Krohg sitt atelier her. Orgelet frå kyrkja vart overført til Grønland kyrkje og klokkene til Torshov kyrkje. Kyrkjelyden var da overført til Vår Frelsars kyrkje.

Etter at kyrkja vart riven, vart den gule mursteinen lagra og seinere brukt til bygging av eit forretningsbygg på Jar, Jarhuset.

Kjelder Johannes kirke i Oslo byleksikon

Geir Tandberg Steigan: Arc! – Johannes kirke, Akersgaten 2 (Arkitekturhistorie.no)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Oslo Kategori:Kulturminne i Oslo