From the Inside er det tredje studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco. Bandet var visstnok misnøgd med den førre utgjevinga deira. Dette albumet var det første med det nye medlemmet Paul Cotton som sologitarist, då han erstatta Jim Messina. Messina fortsette karrieren sin i lag med Kenny Loggins.

Mottaking

I meldinga si for Allmusic kalla Bruce Eder albumet «det mest uvanlege albumet til Poco... der gruppa skapar ein slankare, meir nedstrippa og bluesprega stil. Harmoniane er mindre utstrålande og gitarane meir dempa, og anda er òg noko meir lågmælt enn vanleg. Men stilen dei får til er framleis appellerande og synginga meir reflekterande.»

Innhald

Medverkande Paul Cotton – elektrisk og akustisk gitar, vokal Richie Furay – elektrisk og akustisk rytmegitar, vokal Rusty Young – pedalsteelgitar, banjo, mandolin, dobro, vokal Timothy B. Schmit – bassgitar, vokal George Grantham – trommer, vokal J. Spell - piano

Produksjon Produsent: Steve Cropper Lydteknikarar: Charlie Bragg, Lacy O’Neal, Roy Segal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «From the Inside (Poco album)» frå , den 11. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Poco-album Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:Epic Records-album Kategori:Album produserte av Steve Cropper