Poco Live er det tiande albumet og det andre konsertalbumet til det amerikanske countryrockbandet Poco. Materialet for dette albumet vart spelt inn for Epic Records kort tid etter albumet Cantamos kom ut, men det vart ikkje gjeve ut før over eit år seinare, etter at Poco hadde byta selskap til ABC Records og fått suksess med Head over Heels. Utgjevinga av dette albumet i april 1976 skapte forvirring i marknaden om det var dette eller Rose of Cimarron (mai 1976) som var det nyaste albumet til Poco. Det gjorde at Poco Live selde betre og Rose of Cimarron dårlegare.
Innhald
Medverkande Poco Paul Cotton – gitar, vokal Rusty Young – steelgitar, banjo, gitar, vokal Timothy B. Schmit – bassgitar, gitar, vokal George Grantham – trommer, vokal
Others Mark Henry Harman – klaverinstrument Produsent: Poco, Mark Henry Harman Lydteknikar: Mark Henry Harman
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Live av Poco» frå , den 12. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Poco-album Kategori:Konsertalbum frå 1976 Kategori:Epic Records-album