Kristoffer Vassbakk Ajer () er ein norsk fotballspelar frå Rælingen som sidan 2021 har kontrakt med den engelske fotballklubben Brentford FC. Han er midstoppar og har i tida 2018-26 spelt 50 landskampar for Noreg.
Klubbspel Ajer spelte på IK Start frå 2014 til sommaren 2016. I 2017 spelte han nokre månader på skotske Kilmarnock FC. Sidan fast midstoppar på Celtic FC, skotsk ligameister 2018, 2019, 2020. Også skotsk cupmeister i 2018 og 2019. Sommaren 2021 vart han overført til engelske Brentford FC i Premier League.
Landslagsspel Ajer landslagsdebuterte for Noreg 23. mars 2018 då gjestande Australia måtte tole tap 1-4 på Ullevaal stadion i Oslo. Han fekk omgåande fast stopparplass i landslaget og har sidan for det meste vore med i fyrsteellevaren. Ajer skåra eit av måla då Jordan var slått 6–0 den 7. november 2023. Han deltok i alle åtte kvalifiseringskampane til Fotball-VM 2026 og skåra mål mot Israel i ungarske Debrecen 25. mars 2025.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kristoffer Ajer» frå , den 12. april 2026. eu-football
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Brentford-spelarar Kategori:Celtic-spelarar Kategori:Start-spelarar Kategori:Folk frå Rælingen Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026