Marin County Line er det niande studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage. Det kom ut i 1977Marin County Line at the NRPS official website og var det tredje og siste albumet deira for MCA Records.Marin County Line at the Grateful Dead Family Discography

Marin County Line var det andre av to NRPS-album med Stephen Love på bassgitar. Love skreiv alle songane på side ein av plata. Det var òg det første albumet deira med Patrick Shanahan. Shanahan hadde nyleg erstatta Spencer Dryden som trommeslagar i New Riders, då Dryden tok over rolla som manager for bandet. Love og Shanahan hadde begge tidlegare spelt i Rick Nelson sitt Stone Canyon Band. Ein konsert med denne besetninga av bandet kom ut i 2009 på albumet Winterland, San Francisco, CA, 12/31/77.

Innhald

Medverkande

New Riders of the Purple Sage John Dawson – gitar, munnspel, vokal David Nelson – gitar, vokal Buddy Cage – pedalsteelgitar Stephen Love – bass, gitar, vokal Patrick Shanahan – trommer, vibrafon, perkusjon, vokal

Andre medverkande Spencer Dryden – perkusjon John Hug – gitar Tom Stern – banjo Ray Park – fele Blåsarar frå Tower of Power på «Take a Red»

Produksjon Jim Ed Norman – produsent Tom Flye – lydteknikar Steve Fontano – leiande lydteknikar Alex Kashevaroff – assisterande lydteknikar Larry Boden – mastering George Osaki – kunstnarisk leiar Herb Greene – fotografi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Marin County Line» frå , den 20. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:New Riders of the Purple Sage-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Album produserte av Jim Ed Norman Kategori:MCA Records-album