Uncle Charlie & His Dog Teddy er det fjerde studioalbumet til Nitty Gritty Dirt Band, med hitsongen «Mr. Bojangles». Albumet nådde 66. plassen på den amerikanske albumlista. Tre av singalne frå albumet gjekk inn på singellista: «Mr. Bojangles» nådde niandeplassen, «House On Pooh Corner» nådde 53. plassen og «Some Of Shelly's Blues» nådde 64. plassen.

CD-utgåva frå 1994 vart berre kalla Uncle Charlie And His Dog på ryggen av omslaget.

Songar Albumet består av mange coverversjonar. «Some of Shelly's Blues» var skriven av Michael Nesmith, mest kjend som medlem av The Monkees. Songen vart gjeven ut på singel to gonger. «Mr. Bojangles» var skriven og spelt inn av Jerry Jeff Walker. Hanna høyrde songen på radio ein kveld og nemnde songen til Jimmy Ibbotson. Ibbotson kjende songen og hadde hatt singelen ei stund. Dei transkriberte teksten frå singelen, men skreiv ned noko av teksten feil, som var slik dei spelte han inn. Singelen «House at Pooh Corner» vart spelt for Ibbotson av låtskrivaren sjølv, Kenny Loggins, og Ibbotson ønskte å spele han inn.

Andre songar er «Travelin' Mood» av James «We Willie» Waynes frå 1955., «Rave On» av Buddy Holly, den tradisjonelle instrumentalen «Chicken Reel», den tradisjonelle songen «Billy in the Low Ground» og «Swanee River» av Stephen Foster.

«Opus 36» var skriven av den engelske komponisten Muzio Clementi i 1797 med tittelen «Sonatina i C-dur, op.36, nr.1». Han vart arrangert og tilpassa av Walter McEuen og framført på banjo av John (Walter) McEuen.

«Jesse James» er ei innspeling frå 1963 av Uncle Charlie, som var ein slektning av kona til Bill McEuen. Dette vert etterfølgd av «Uncle Charlie Interview», eit intervju frå den same innspelinga i 1963, der Charlie fortel at han vart fødd 11. september 1886 i Kaufman County i Texas. Det seinare sporet «Uncle Charlie» er ein instrumental for munnspel og gitar.

«What Goes On» av The Beatles vart spelt inn på denne tida og gjeven ut som bonusspor på CD-utgåva frå 2003.

Innhald

Salslister Liste (1971)PlasseringAustralian (Kent Music Report)31

Medverkande Bandet Les Thompson – elektrisk bass, mandolin, elektrisk gitar, vokal Jimmie Fadden – akustisk og elektrisk gitar, munnspel, vaskebaljebass, vokal (trommer ikkje oppført på omslaget) Jeff Hanna – akustisk og elektrisk gitar, trommer, vaskebrett, perkusjon, vokal Jimmy Ibbotson – akustisk gitar, elektrisk gitar, elektrisk piano, trommer, conga, trekkspel, vokal (klaverinstrument - ikkje oppført på omslaget) John McEuen – banjo, mandolin, akustisk gitar, trekkspel (vokal, gitar, steelgitar- ikkje oppført på omsmlaget) Andre musikarar (oppført på omslaget) Bill Cunningham Maurice Manceau – gitar, klaverinstrument, vokal (instrument ikkje oppført på omslaget) Jim Gordon – horn, klaverinstrument (instrument ikkje oppført på omslaget) Mike Rubine John London – bass (instrument ikkje oppført på omslaget) Byron Berline – fiolin (instrument ikkje oppført på omslaget) Russ Kunkel – trommer (instrument ikkje oppført på omslaget)

Produksjon Produsent – William McEuen Lydteknikar – Woody Woodward Miksing – John McEuen/Jimmy Hoyson Kunstnarisk leiar – Dean Torrence/Kittyhawk Graphics Fotografi – William McEuen

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Uncle Charlie & His Dog Teddy» frå , den 24. oktober 2020. oppgav desse kjeldene: Uncle Charlie & His Dog Teddy, Nitty Gritty Dirt Band, Liberty LST 7642 (1970) LP Uncle Charlie & His Dog Teddy, Nitty Gritty Dirt Band, Capitol 72435-41721-2-0 (2003) CD

Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Liberty Records-album Kategori:Plateomslag av Dean Torrence