Bang Bang Bang er det 23. studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet Nitty Gritty Dirt Band, gjeve ut i 1999. Tittelsporet nådde 52. plassen på den amerikanske countrysingel-lista. Sporet «Down the Road» var opphavleg spelt inn av Mac McAnally, og gjekk seinare til topps på countrylista i 2008 då han spelte inn songen på nytt med Kenny Chesney.
Albumet var opphavleg spelt inn for Rising Tide Records, som vart nedlagd før albumet kom ut. Det vart så flytta til Decca Records, som òg vart nedlagd, før det til slutt kom ut på DreamWorks Records.
Ei melding i Billboard var positiv til albumet og kalla songane «underhaldande rare» og hylla dei dugande musikarane.
Innhald
Medverkande Jeff Hanna - vokal, elektrisk og akustisk gitar, slidegitar, 12-strengsgitar, vaskebrett Jimmy Ibbotson - vokal, akustisk og elektrisk gitar, mandolin Jimmie Fadden - trommer, munnspel Bob Carpenter - vokal, piano, Hammond B-3, trekkspel
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bang Bang Bang (Nitty Gritty Dirt Band album)» frå , den 27. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Nitty Gritty Dirt Band-album Kategori:Musikkalbum frå 1999 Kategori:DreamWorks Records-album Kategori:Album produserte av Josh Leo Kategori:Album produserte av Emory Gordy jr.