mini|Ulike krypdyr, snitt av Ernst Haeckel
Krypdyr eller reptil er ein klasse virveldyr med ca. 8 000 artar i 4 ordenar. Dei var dei første virveldyra som utvikla egg som klarte seg utan vatn, og utvikla seg for omkring 300 millionar år sidan.
Skildring Krypdyr finst i mange ulike variantar, som alle har det til felles at dei er vekselvarme og har tørr hud kleidd med hornplater eller -skjel. Dei er utbreidd i alle slags biotopar i heile verda, og alle saman (sjølv dei havlevande) pustar med lunger.
Reptilane formeirar seg ved indre befruktning og legg egg. I egga ligg fosteret i ei væskefylt pose med ei amnionhinne og eit læraktig skal utanfor. Nokre artar skjelkrypdyr før levande ungar, men det er fordi egga ligg inne i kroppen (ofte utan skal) heilt til fosterutviklinga er ferdig.
Utvikling Krypdyra stammar frå amfibiane, som dei skilde seg ut frå for om lag 300 millionar år sidan. Det eldste kjende krypdyret vert kalla Hylonomus og høyrde med i underklassen Anapsida, som vert kjenneteikna av massive hovudskallar utan opningar for anna enn augo, nasebor, munn og ryggrad.
Tidleg i utviklinga skilde klassen seg i tre ulike underklassar. To av dei har overlevd fram til i dag. I tillegg til anapsidane (i dag representert ved skjelpadder) reknar ein med diapsidane (i dag krokodillar, skjelkrypdyr og bruøgler) og synapsidane (som seinare utvikla seg til pattedyra).
Dei mest kjende forhistoriske krypdyra var dinosaurane, som høyrde til diapsidane og døydde ut for 65 millionar år sidan. Det er brei semje om at fuglane utvikla seg frå denne gruppa for om lag 150 millionar år sidan.
Utbreiing mini|Hoggorm er eit vanleg krypdyr i Europa, mellom anna i Noreg. Krypdyr finst i heile verda, men er mest utbreidd i tropiske og subtropiske strok. Ein kan finna dei i dei aller fleste biotopar, frå tørre ørkenar til ope hav. I Noreg finst fem artar: Hoggorm, buorm, firfisle, stålorm og slettsnok. I tillegg førekjem det ein sjeldan gong at havskjelpadder som uekte karett og havlêrskjelpadde driv i land i norske farvatn.
Klassifisering Krypdyra vert rekna som ei parafyletisk gruppe, det vil seie at organismane i gruppa ikkje naudvendigvis er nærare i slekt med kvarandre enn med medlemmar av andre grupper. T.d. er krokodillane nærare i slekt med fuglar enn med andre reptil.
Reptilia eller Sauropsida Parareptilia Mesosauridae (utdøydd) Procolophonomorpha (utdøydd) Diapsida Lepidosauromorpha Ichthyopterygia? (fiskeøgler (utdøydd)) Sauropterygia? (svaneøgler (utdøydd)) Lepidosauria Sphenodontia (bruøgler) Squamata (skjelkrypdyr: slangar, øgler og ormeøgler) Archelosauria Testudines (skjelpadder) Archosauria Crocodilia (krokodiller) Pterosauria (flygeøgler (utdøydd)) Dinosauria (dinosaurusar (utdøydd)) Saurischia (utdøydd) Fuglar Aves Ornitischia (utdøydd)
Sjå òg Søvn hjå dyr
Kjelder Norges dyr, Cappelen 1992
Denne artikkelen bygger på «Reptile» frå , og «Synapsida» frå den 10. august 2006.
Bakgrunnsstoff