«Take Me in Your Arms (Rock Me a Little While)» er ein song skriven av Motown-låtskrivarane Holland–Dozier–Holland i 1960-åra. Han vart mest populær i 1975 då han vart spelt inn i The Doobie Brothers.

Motown-versjonar Eddie Holland frå Holland-Dozier-Holland laga den første innspelinga av «Take Me in Your Arms» i 1964. Denne versjonen kom ikkje ut kommersielt før i 2005. Holland-Dozier-Holland fekk Kim Weston til å spele inn songen i 1965 og versjonen hennar kom ut i september det året. Mike Terry speler barytonsaksofon på songen.https://www.theguardian.com/music/2008/dec/01/mike-terry-obituary Han nådde fjerdeplassen på R&B-lista i Billboard og 50. plassen på Hot 100. I 1967 fekk Holland-Dozier-Holland The Isley Brothers til å spele inn songen. Versjonen deira kom ut i mars 1968 og nådde 121. plassen i USAJoel Whitburn's Bubbling Under the Billboard Hot 100 1959-2004 og 22. plassen på R&B-lista. Jermaine Jackson spelte «Take Me in Your Arms» for det første soloalbumet sitt, Jermaine, gjeve ut i 1972. Innspelinga var produsert av Hal Davis og var B-sida til singelen «Daddy's Home».

The Doobie Brothers The Doobie Brothers spelte inn «Take Me in Your Arms» i 1975 for albumet Stampede. Tom Johnston, som då var frontmann i bandet, og sa seinare «eg hadde vore fan av den songen sidan han kom ut ein gong i 60-åra. Eg berre elska den songen. Så ein gong kring 1972 byrja eg å prøve og få bandet til å spele songen. Og eg kom ingen veg før i 1975. I 1975 spelte me han endeleg inn.»

Doobies-medlemmet Jeff Baxter sa om innspelinga deira: «Den songen var som ein sann draum for oss. Kvar musikar eg nokon gong har sendt har ønska å få til den tekniske glatte soul-stilen til Motown - han er så dynamisk. Me sat ned og prøvde å etterlikne lyden og sjå om vår versjon kunne bli ein suksessrik singel.» I følgje Doobies-medlemmet Patrick Simmons: «Først høyrdest bandet ut som Grateful Dead som gjorde Four Tops, men gradvis vart det ganske likt.»«Doobie Brother Add Jazz Flavor» The Robesonian 11. desember 1975 p.6 Paul Riser frå Motown vart henta inn for å arrangere sporet.Toledo Blade, 25. mai 1975 p.24

Singelen var den første frå Stampede den 23. april 1975 og nådde 11. plassen på Hot 100-lista i USA i juni. «Take Me in Your Arms» vart den einaste hitten til The Doobie Brothers i Frankrike, der han nådde 37. plassen. Songen nådde òg 29. plassen i Storbritannia, som var like høg som den singelen deira «Listen to the Music». Singelen nådde òg 34. plassen i Australia.

Salslister

Vekeslister Kim Weston Liste (1965)PlasseringUS Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–1990 - 50US Billboard R&B4US Cash Box Top 10048 Isley Brothers Liste (1968)PlasseringUS Billboard Bubbling Under the Hot 100121US Billboard R&B22

Charity Brown Liste (1975)PlasseringCanada RPM Top Singles5

Årslister Liste (1975)PlasseringCanada65

Doobie Brothers

Liste (1975)PlasseringAustralia (KMR)34Canada RPM Top Singles35New Zealand (RIANZ)NZ Top 40 Singles, 25. august 197531UK Singles Chart29U.S. Billboard Hot 100Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955–200211U.S. Cash Box Top 100Cash Box Top 100 Singles, 21. juni 197510

Liste (1975)PlasseringUSA (Joel Whitburn's Pop Annual)111

Andre versjonar «Take Me in Your Arms» vart òg spelt inn i 1975 av den kanadiske songaren Charity Brown som nådde femteplassen i Canada i mai 1975.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Take Me in Your Arms (Rock Me a Little While)» frå , den 5. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1964 Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:The Doobie Brothers-songar Kategori:The Isley Brothers-songar Kategori:Songar skrivne av Holland–Dozier–Holland Kategori:Songar produserte av Ted Templeman Kategori:Motown-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Songar produserte av Hal Davis Kategori:Suzi Quatro-songar