Verdscupen i langrenn i 1974-sesongen, den aller fyrste i langrennsøvinga, omfatta 10 individuelle tevlingar og 2 stafettar, alle for menn. Tevlingane tok til 9. januar 1974 og vart avslutta 9. mars. Turneringa bestod av fem tevlingar over 15 kilometer, to over 30 km og tre 50-kilometerar. Renna fann stad i Kastelruth i Italia, Le Brassus (2) i Sveits, Reit im Winkl (2) i Vest-Tyskland, Falun (3) i Sverige, Lahti (2) i Finland og Oslo (2) i Noreg.
Ivar Formo frå Noreg vann verdscupen, utan å vinne eitt einaste renn. Finske Juha Mieto, som kom på andreplassen, vann to renn. Det same gjorde norske Magne Myrmo. Gert-Dietmar Klause og Gerhard Grimmer, begge Aust-Tyskland, Alfred Kälin frå Sveits, Thomas Magnusson frå Sverige, Vasilij P. Rotsjev frå Sovjetunionen og Juhani Repo frå Finland sigra i kvar sitt renn.
Individuelt Plass Utøvar Land Poeng 1 Ivar Formo 113 2 Juha Mieto 110 3 Edi Hauser 94 4 Stanislav Henych 89 5 Magne Myrmo 86 6 Gerhard Grimmer 85 7 Oddvar Brå 75 8 Thomas Magnusson 72 9 Lars-Göran Åslund 69 10 Pål Tyldum 63 11 Vasilij P. Rotsjev 61 12 Gert-Dietmar Klause 60 13 Sven-Åke Lundbäck 57 14 Alfred Kälin 54 15 Dieter Meinel Georg Zipfel 46 17 Ivan Garanin 37 18 Jan Staszel 35 19 Jíři Beran 34 20 Odd Martinsen 33
Verdscupen vart organisert av Det internasjonale skiforbundet (FIS), men hadde likevel uoffisiell status. Poeng vart tildelt dei 20 beste løparane i dei individuelle tevlingane, etter ein skala frå 26 poeng for siger, vidare 22 og 19 poeng for andre- og tredjeplass. Poengskalaen heldt fram med 17, 16, 15, 14, 13, 12, 11, 10, 9, 8, 7, 6, 5, 4, 3, 2, og 1. I samandraget fekk utøvarane med seg poenga frå deira seks beste plasseringar.
Ingen verdscup i langrenn for kvinner før 1979-sesongen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Https://de.wikipedia.org/wiki/Skilanglauf-Weltcup_1974» frå , den 14. november 2020.
Kategori:Nordiske greiner 1974