Anne Aasheim (), direktør i Norsk kulturråd (Kulturrådet), var ein norsk journalist frå Porsgrunn. Ho hadde arbeidd i NRK, mellom anna som distriktsredaktør i Østlandssendingen (1997-2000), var fungerande kultursjef i 1999, nestleiar i P2 og P3, og distrikts- og nyhendedirektør (2001-2005) med ansvar for all journalistikk knytt til nyhende, sport og distriktsprogram på fjernsyn, radio og internett, var sjefredaktør i avisa Dagbladet frå 14. august 2006, og direktør i Kulturrådet frå 2011 til ho døydde i 2016.
Aasheim fekk påvist lungekreft i 2015., og døydde i Oslo 30. mars 2016 etter ei lang tid med sjukdom. Ho gav offentleg uttrykk for korleis det var å leve med sjukdomen, og at ho hadde sagt frå til Norsk kulturråd om at ho på grunn av sjukdomen ikkje kunne søkje ein ny åremålsperiode som direktør.
Kjelder
Pressemelding 30. mars 2016 frå Norsk kulturråd om Anne Aasheim snl.no: Anne Aasheim
Bakgrunnsstoff Anne Aasheim ny Dagblad-redaktør – nyhendeoppslag i nettavisa Journalisten Hun er Dagbladets nye sjef på http://www.dagbladet.no
Kategori:Direktørar for norske offentlege organ Kategori:Redaktørar for Dagbladet Kategori:Norske journalistar Kategori:Folk frå Porsgrunn