Stord Folkehøgskule er ein frilynt folkehøgskule i Stord kommune i Vestland fylke. Skulen er den nyaste folkehøgskulen i Noreg, som den 84. i rekkja.
Skulen overtok og pussa opp tidlegare Grand Hotell Stord på Leirvik, som la ned drifta i 2021.
Skulen har plass til 125 elevar. Han er eigd av eit samarbeid med næringsliv og kommune.
Stord Folkehøgskule er ein skule som vektlegg entreprenørskap i til nærings- og organisasjonsliv, med SN sine berekrafsmål i botn.
Historie Stord Folkehøgskule vart oppretta av Geir Angeltveit som prosjekt i 2018. Arbeidet med folkehøgskulen starta formelt i januar 2018, men tankar og føresetnadar for etableringa hadde ein lengre historikk. På statsbudsjettet for 2020 vart skulen løyvd oppstartsmiddel, og i statsbudsjettet for 2021 fekk skulen konsesjon til å starta opp.
Folkehøgskulen opna dørene sine i august 2021 og tok då i mot 95 elevar til skulestart, noko som var ny rekord for ein nyoppstarta skule.
Fredag 20. august var det offisiell opning og fest ved skulen. Her tala grunnleggar Geir Angeltveit, huseigar Svein Hatlevik, rektor Torunn Laurhammer, kunnskapsminister Guri Melby og stortingspresident Magne Rommetveit.
Linjer Linjer i 2025: Film og TV Esport, Gaming og Sosialt Fjord, Fjell og Friskliv Golf Instarail Foto, Natur og Opplevelser Harmoni - Friluft, Helse, Utvikling GAME ON! Brettspill | TCG Bli en Brikkemester! Discgolf og Padel Sjukt Kreativ Vekter, Sikkerthet og Trening Norwegian Language and Culture
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folkehøgskular i Noreg Kategori:Folkehøgskular i Vestland Kategori:Stord kommune