Last Date er eit konsertalbum av den USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris, gjeve ut i oktober 1982. Det vart spelt inn på ei rekkje honkytonk-pubar og andre små spelestader langs vestkysten, der Harris spelte i lag med bandet sitt, Hot Band. Det bestod hovudsakleg av countrystandardar.
Albumet nådde toppen av den amerikanske countrylista med tittelsporet, skriven av Floyd Cramer i 1960. I 2000 gav Eminent Records ut Last Date på CD for første gongen, med nye notat i omslaget og to bonusspor.
Innhald
Medverkande Emmylou Harris - vokal, akustisk gitar, sologitar (12) Mike Bowden - bass Steve Fishell - pedalsteelgitar, dobro Wayne Goodwin - rytmegitar, fele, mandolin, saksofon Don Johnson - klaverinstrument, harmonivokal Frank Reckard - sologitar, harmonivokal Barry Tashian - rytmegitar, banjo, duettvokal John Ware - trommer
Teknisk Brian Ahern - produsent Donivan Cowart, Stuart Taylor, Alan Vachon - lydteknikar
Salslister Liste (1982) Plassering U.S. Billboard Top Country Albums 9 U.S. Billboard 200 65
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Last Date (Emmylou Harris album)» frå , den 18. november 2020. oppgav desse kjeldene: Emmylou Harris Last Date - notat i omslaget
Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Konsertalbum frå 1982 Kategori:Album produserte av Brian Ahern Kategori:Warner Bros. Records-album