Garry Wayne Tallent (), stundom skrive Garry W. Tallent, er ein USA-amerikansk musikar og plateprodusent, mest kjend som bassist og opphavleg medlem i E Street Band, bandet til Bruce Springsteen sidan 1972. Fram til 2013, er Tallent det einaste originale medlemmet i E Street Band, om ein ikkje tel med Springsteen sjølv. Tallent vart innlemma som medlem av E Street Band i Rock and Roll Hall of Fame.
Tallent voks opp i Neptune City kring Jersey shore, og byrja først å spele tuba før han gjekk over til bass.Bio, GarryTallent.com. accessed 31. juli 2012. «Born on 27. oktober 1949 in Detroit, Michigan, Tallent and his family eventually relocated to Neptune City, New Jersey.» Tallent gjekk på Neptune High School, i lag med det framtidige bandmedlemmet Vini Lopez.Jordan, Chris. «Review: E Street Band's Garry Tallent shines at Stone Pony», Asbury Park Press, 15. mai 2017. Accessed 14. oktober 2018. «'You notice I got my Neptune High School colors on?' Tallent said. The bassist for Bruce Springsteen and the E Street Band is a member of Neptune's Class of '67.... Dawg Whistle, featuring Vini Lopez, also a member of the Neptune Class of ‘67, opened the show.»
Han var inspirert av James Jamerson, Donald «Duck» Dunn og Paul McCartney. Han byrja å spele med Springsteen i 1971 i to tidlegare band og var så originalt medlem i The E Street Band, som oppstod i 1972.Standing in the shadows of Motown: the life and music of legendary bassist James Jamerson (1989) Både visuelt og musikalt har han halde seg i bakgrunnen, sjølv om bassen hans speler ei viktig rolle i musikken til Springsteen. Den mest kjende bassparten hans kan vere i songen «Fire» og siste verset på «Incident on 57th Street».
I tillegg til Springsteen, har Tallent òg spelt med ei rekkje andre artistar. I 1987 produserte Tallent songen «Crying, Waiting, Hoping» for Marshall Crenshaw på filmusikkalbumet til La Bamba. I 1990-åra, då E Street Band var inaktive, flytta Tallent til Nashville. Her opna han platestudioet MoonDog og var med å starte opp D'Ville Record Group. Tallent har produsert artistar som Jim Lauderdale, Kevin Gordon og Steve Forbert.Gold, Adam (29. juli 2011). E Street Band/Former Long Players Bassist Garry Tallent: The Cream Interview , Nashville Scene
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Garry Tallent» frå , den 21. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:E Street Band-medlemmar Kategori:Folk frå Neptune City i New Jersey Kategori:Southside Johnny & The Asbury Jukes-medlemmar Kategori:Jersey Shore-musikarar Kategori:USA-amerikanske tubaistar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar