Trio II er det andre samarbeidsalbumet til Dolly Parton, Emmylou Harris og Linda Ronstadt. Det kom ut 9. februar 1999 på Asylum Records.
Bakgrunn 12 år etter utgjevinga av Trio, som hadde selt til platinaplate og vunne Grammyprisar, kom trioen saman att for å spele inn eit nytt album. Songane vart spelte inn i 1994 av Parton, Harris og Ronstadt, men strid mellom plateselskapa deira og ulike tidsplanar gjorde at dei ikkje kunne gje ut albumet på den tida. Til slutt miksa Ronstadt fem av dei ti spora på albumet (utan vokalen til Parton) for å ta dei med på albumet hennar Feels Like Home i 1995. Desse var «Lover's Return», «High Sierra», «After the Gold Rush», «The Blue Train» og «Feels Like Home».
I 1998, etter Parton og Harris hadde slutta på sine respektive selskap, valde dei å gje ut albumet slik det opphavleg vart spelt inn. Barnefoto av Parton, Harris og Ronstadt vart nytta som plateomslag, då dei ikkje fekk i stand ei felles fotografering.
Utgjeving og marknadsføring Albumet kom ut 9. februar 1999 og sjølv om dei ikkje fekk tid til ein lengre turné, fekk dei i stand ein kort ein for å marknadsføre albumet. Trioen spelte på CBS This Morning, The Tonight Show with Jay Leno, The Today Show, The Late Show with David Letterman og The Rosie O'Donnell Show.
I starten var det ingen planar om å gje ut ein singel. «High Sierra» kom ut for adult contemporary-radiostasjonar i januar 1999 før albumet kom ut, og vart òg sendt til countryradiostasjonar ved ein feil, men fekk likevel speletid. Etter at albumet hadde selt godt, vart det i april 1999 gjeve ut tre singlar samstundes: «After the Gold Rush», «Feels Like Home» og «Do I Ever Cross Your Mind». Det vart filma ein musikkvideo for «After the Gold Rush» i ein synagoge i New York City den 25. mars.
Mottaking
Albumet fekk positive meldingar i media.
Entertainment Weekly gav albumet B+ og sa at det «når omtrent 75 % av vegen» og er «uansett eit fint album.» Los Angeles Times gav albumet 3,5 av 4 stjerner og skreiv at den «inspirerte versjonen av Neil Young-songen 'After the Gold Rush' fører saman himmelsk vakre harmoniar. Harris si klåre røyst er ein perfekt match for den særs vakre Donagh Long-kjærleikssongen 'You'll Never Be the Sun'. Og Ronstadt hentar ut den formidable countryrock-erfaringa si på Jennifer Kimball og Tom Kimmel sin 'Blue Train' og Randy Newman sin 'Feels Like Home'.» AllMusic gav albumet tre av fem stjerner og kalla albumet «ein juvel blant vakre linjer av kubisk zirkonium, frå dei mest velmeinande og kjærlege songfuglane.» Patrick Carr i Rolling Stone gav albumet tre av fem stjerner og sa at «på sitt beste er dette nesten himmelsk.»
Albumet nådde fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Top Country Albums-lista og 62. plassen på Billboard 200. Albumet nådde òg fjerdeplassen i Canada på RPM Country Albums-lista.
Den første singelen frå albumet, «High Sierra», nådde 90. plassen på den kanadiske Country 100-lista. Ingen av dei tre seinare singlane gjorde det godt nok til å gå inn på singellistene.
Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste countryalbum. «After the Gold Rush» vann Grammyprisen for beste countrysamarbeid med vokal.
Innhald
Medverkande
Larry Atamanuik – trommer Robbie Buchanan – akustisk piano, Helen-røyst, Rhodes, synthesizer, B-3 synthesizer David Campbell – strykarar Mark Casstevens – akustisk gitar David Grisman – mandolin Emmylou Harris – solovokal, harmonivokal Roy Huskey jr. – bass, akustisk bass Carl Jackson – akustisk gitar Dennis James – glasharmonika Ben Keith – steelgitar Jim Keltner – kasse, trommer Alison Krauss – fele David Lindley – autoharpe Edgar Meyer – akustisk bass Dean Parks – akustisk gitar, elektrisk gitar, mandolin Dolly Parton – solovokal, harmonivokal Linda Ronstadt – solovokal, harmonivokal, strykarar, strykararrangement, miksing Leland Sklar – bass John Starling – akustisk gitar
Teknisk George Massenburg – produsent, innspeling, miksing John Brenes – produksjonsarkivator Gail Rosman – produksjonsassistent Janet Stark – produksjonsassistent Nathaniel Kunkel – innspeling Kevin Scott – innspelingsassistent Doug Sax – mastering Kosh Bradley – kunstnarisk leiar, design Lyn Bradley – kunstnarisk leiar, design Michael Hagegood – kunstnarisk leiar
Salslister Album Liste (1999) Plassering Australia (ARIA Charts) N.B. The High Point number in the NAT column represents the release's peak on the national chart.66 Canada Top Country Albums (RPM) 4
Singlar Title År PlasseringCANCountry «High Sierra» 1999 90
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Trio II» frå , den 21. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1999 Kategori:Linda Ronstadt-album Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Dolly Parton-album Kategori:Asylum Records-album Kategori:Samarbeidsalbum Kategori:Album produserte av George Massenburg Kategori:Oppfølgjaralbum