Stumble into Grace er det tjuande studioalbumet til den amerikanske countryartisten Emmylou Harris, utgjeve 23. september 2003 på Nonesuch Records. Det nådde sjetteplassen på Billboard countryalbum-lista. Som føregangaren Red Dirt Girl var mange av songane på albumet skrivne av Harris sjølv.

Albumet vart produsert av Malcolm Burn, som òg hadde produsert Red Dirt Girl, og som ho hadde gjort sidan Wrecking Ball i 1995 er country-preget på albumet mindre med meir vekt på folk, indiepop og verdsmusikk.

Albumet fekk generelt god kritikk då det kom ut og har ein samla score på 87 av 100 på Metacritic. Allmusic skreiv om albumet: «Etter tre tiår som eit talent i verdsklasse, er det mest oppmuntrande at Harris ikkje berre lagar noko av den finaste musikken i karrieren sin i ei tid då mange artistar stod i ro, men ho utfordrar samstundes forventningane til henne. Stumble into Grace viser at ho framleis er på topp.»

Innhald

Medverkande Emmylou Harris - vokal, akustisk gitar, 6-strengs bassgitar Tony Hall - bass, gitar, korvokal Brady Blade - trommer, korvokal Ethan Johns - trommer, elektrisk gitar Julie Miller - korvokal Jane Siberry - korvokal Malcolm Burn - bass, elektrisk gitar, piano, plystring, churanga, perkusjon, munnspel, Fender Rhodes, B2-orgel, korvokal Buddy Miller - akustisk gitar, elektrisk gitar Kate McGarrigle - trekkspel, akustisk gitar, korvokal Anna McGarrigle - trekkspel, korvokal Daryl Johnson - perkusjon, bass, korvokal Daniel Lanois - pedalsteelgitar, elektronisk orkester, korvokal Bernie Leadon - elektrisk gitar Linda Ronstadt - korvokal Kevin Salem - elektrisk gitar Colin Linden - elektrisk gitar Gillian Welch - korvokal Jill Cunniff - korvokal

Teknisk Joe West - lydteknikar

Salslister

Vekeslister Liste (2003) Plassering

Årslister Liste (2003) Plassering US Top Country Albums (Billboard) 68

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stumble into Grace» frå , den 22. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Musikkalbum frå 2003 Kategori:Album produserte av Malcolm Burn Kategori:Nonesuch Records-album