Stone Poneys (òg The Stone Poneys og The Stone Poneys With Linda Ronstadt) var ein folkrocktrio skipa i Los Angeles og bestod av Linda Ronstadt på vokal, Bobby Kimmel på rytmegitar og vokal og Kenny Edwards på sologitar. Platene deira inneheld den første hitten til Ronstadt, ein versjon av Mike Nesmith sin «Different Drum». Sjølv på dette tidlege stadiet, framførte Ronstadt ei eklektisk blanding av songar, ofte frå undervurderte låtskrivarar, i lag med ei rekkje gjestemusikarar.

Bandet gav ut tre album: The Stone Poneys; Evergreen, Volume 2 og Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III. Alle tre albuma kom ut på CD i 1990-åra.

Bandet spelte opphavleg visesongar på kafear i Los Angeles og hadde ein stil som ikkje var langt unna Peter, Paul and Mary.

Diskografi Album Tittel Detaljar Listeplassering US The Stone Poneys Utgjeve: 30. januar 1967 Selskap: Capitol Format: LP — Evergreen, Volume 2 Utgjeve: 12. juni 1967 Selskap: Capitol Format: LP 100 Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III Utgjeve: 29. april 1968 Selskap: Capitol Format: LP —

Singlar tittel År Listeplassering Album USA «Sweet Summer Blue and Gold» 1967 — The Stone Poneys «One for One» — Evergreen, Vol. 2 «Different Drum» 13 «Up to My Neck in Muddy Water» 1968 93 Linda Ronstadt, Stone Poneys and Friends, Vol. III «Some of Shelly's Blues» —

Promosinglar Tittel År Album «So Fine» 1967 Ingen album

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Stone Poneys» frå , den 28. november 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff The Stone Poneys

Kategori:Folkrockgrupper frå California Kategori:USA-amerikanske musikalske trioar Kategori:Linda Ronstadt Kategori:Musikkgrupper frå Los Angeles Kategori:Musikkgrupper skipa i 1965 Kategori:Musikkgrupper oppløyste i 1968