Hans Aslak Guttorm var ein samisk lærar og forfattar frå Finland. Han skreiv på nordsamisk og vert sett på som ein brubyggjar mellom tradisjonell samisk forteljarkunst og moderne samisk litteratur.Rauna Kuokkanen. Čánja gillii! 1 : Sámi girjjálašvuohta = Saamelainen kirjallisuus = Samisk litteratur. Sameraddi, 1998. ISBN 9519629165 (ebok fra bokhylla.no)Harald Gaski. In the shadow of the midnight sun : contemporary Sami prose and poetry. Davvi girji, 1996. ISBN 8273743098. ebok fra bokhylla.no
Han tok eksamen frå lærarskulen i Jyväskylä i 1935 og arbeidde som lærer i Enare og Outakoski i Utsjok til 1969. Outakoski er ei bygd på finsk side av Tanadalen. Han var òg i mange år redaktør for månadstidsskriftet Sápmelaš. Kortromanen Golgadeamen («drivgarnfiske») frå 1982 vart i 1985 nominert som den første samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturpris.
Guttorm byrja å skriva på 1930-talet, og den første boka hans, Čierru jietna meahcis («Ein gråtande røst frå fjellet») vart opphavleg skrive i 1932–33, men vart ikkje utgjeven før i 1982.Sámi Literature av Kathleen Osgood Dana, Center for Northern Studies, Wolcott, Vermont Debutboka hans vart difor Koccam spalli («Aukande vind», 1940), ei samling med dikt og noveller.bibliografi hos litteraturnettnordnorge.no Det meste av det han skreiv kom først på trykk i tidsskrift og aviser. I bøkene sine skildra han den gamle samiske kulturen i Tana.Kunst hos galdu.org; Senter for urfolks rettigheter Han var oppteken av uttrykkskrafta i det samiske språket; han meinte at samisk kultur berre kan skildrast på samisk.
Guttorm var ein av dei svært få forfattarane som skreiv på samisk i den lange perioden mellom 1910-talet og 1970-talet.
Bøker
Koccam spalli: tivtak ja maidnasak (1940) Golgadeamen (1982) Čierru jietna meahcis (1982) Radjajohtin («Grensekryssingar», 1984) Iešnjárgga šiljut (1986) Šuvvi jahki (1996)
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Hans Aslak Guttorm» frå , den 29. november 2020.
Bakgrunnsstoff
Passiivasuorggadusat Hans Aslak Guttorm teavsttain, masteroppgåve frå Oulu universitet, 2011 Seija Guttorm les Guttorms dikt Eatnigiella på nordsamisk
Kategori:Finske forfattarar Kategori:Samiske forfattarar