Arsenal Football Club er ein engelsk fotballklubb som spelar i Premier League. Klubben vart stifta i 1886, og vart vald inn i The Football League i 1893. «The Gunners», som er kallenamnet til Arsenal, spela heimekampane sine på Highbury før, no heter stadionen Emirates Stadion. Highbury er ein stad i bydelen Islington som ligg i det nordlege London.

Historie Arsenal vart grunnlagt av arbeidarar ved Woolwich Arsenal i Woolwich i søraust-London, og tok namnet etter arbeidsstaden sin. I 1913 flytta klubben tvers over byen til Arsenal stadion i Highbury i det nordlege London.

Fram til 2006 var Highbury heimebane, etter det bytta laget til nybygde The Emirates Stadium. Stadionet har 60432 plassar.

Arsenal har vore i den øvste engelske divisjonen lenger enn nokon annan klubb, heilt sidan 1919.

Meritt

TROFE TAL ÅR Ligameister 10 1930/31, 1932/33, 1933/34, 1934/35, 1937/38, 1947/48, 1952/53, 1970/71, 1988/89, 1990/91 Premier League 3 1997/98, 2001/02, 2003/04 FA-cupen 10 1930, 1936, 1950, 1971, 1979, 1993, 1998, 2002, 2003, 2005 Ligacupen 2 1987, 1993 FA Charity Shield 10 1930, 1931, 1933, 1934, 1938, 1948, 1953, 1991, 1998, 1999 FA Community Shield 2 2002, 2004 Fairs Cup 1 1969/70 Europacupen for cupvinnarar 1 1993/94 FA Youth-cup 6 1966, 1971, 1988, 1994, 2000, 2001

Finalist i Meisterligaen: 2005/2006. Finalist i FA-Cupen: 1927, 1932, 1952, 1972, 1978, 1980 og 2001. Finalist i ligacupen: 1968, 1969 og 1988. Finalist i Europacupen for cupvinnarar: 1979/80 og 1994/95. Finalist i UEFA Cupen: 1999/00.

Arsenal sine managerar ManagerPeriodeManagerPeriodeSam Hollis (1894-1897)George Swindin(1958-1962)Tom Mitchell(1897-1898)Billy Wright(1962-1966)George Elcoat(1898-1899)Bertie Mee(1966-1976)Harry Bradshaw(1899-1904)Terry Neill(1976-1983)Phil Kelso(1904-1908)Don Howe(1984-1986)George Morrell(1908-1915)George Graham(1986-1995)Leslie Knighton(1919-1925)Bruce Rioch(1995-1996)Herbert Chapman(1925-1934)Arsène Wenger (1996-2018)George Allison(1934-1947)Unai Emery(2018-2019)Tom Whittaker(1947-1956)Mikel Arteta(2019-)Jack Crayton (1956-1958)

Spelarstall Endra 24. januar 2026

Nordmenn i Arsenal Pål Lydersen Håvard Nordtveit Sean McDermott Martin Ødegaard

Kjelder

Bakgrunnsstoff Den offisielle heimesida til klubben Arsenal Norge Online Gunners.no Offisiell norsk supporterklubb for Arsenal

Kategori:Engelske fotballag Kategori:Fotballklubbar i London Kategori:Skipingar i 1886