Dr. Kattassery Joseph Yesudas (), mest kjend som Yesudas, er ein vidkjend sør-indisk songar.

Kattassery Joseph Yesudas vart fødd i Fort Kochi i Kerala av foreldra Augustine og Elizabeth Joseph. Far hans, Augustine Joseph, var ein velkjend malayalisk klassisk musikar og skodespelar i si tid.

Yesudas er ein malayalisk songar og representant for den karnatiske musikken. Han vart påmeldt musikkakademiet i Thirupunithura og vann ein gullmedalje for musikk i ei lokal tevling i Fort Kochi berre sju år gammal.

I karrieren sin har han sunge meir enn 30 000 songar for tusenvis av indiske filmar på mange språk — som til dømes tamil, kannada, gujarati, telugu og bengali. Han vart òg invitert av den sovjetiske regjeringa til å halde konsertar i Sovjetsamveldet i 1965.

Indias president gav han tittelen Padmashree i 1973.

Ei tid etter at han fekk tittelen hadde Yesudas problem med den kristne kyrkja i India. Dei fleste karnatiske songane er om hindugudar, og Yesudas song dei med så mykje kjensle at kyrkja ottast at han snart ville forlata kristendommen. Han vart nekta alle kristne sakrament for ei stund, og hans første son kunne ikkje bli døypt i kyrkja. Men han heldt fram med musikken og over tid vart kyrkja overtydd om at musikk for han berre var ein måte å dyrka Gud på. «Gud har ingen religion,» sa Yesudas, og det godtok kyrkja til slutt. Han fekk igjen alle religiøse rettar i kyrkja i 1980-åra, og den andre sonen hans, Vijay Yesudas, gav sin første konsert i ei kristen kyrkje. Dr. Yesudas og kona hans, Prabha, har tre søner — Vinod, Vijay og Vishal. Familien bur for tida i Chennai (tidl. Madras) i delstaten Tamil Nadu i India.

Titlar og prisar venstre|thumb|K.J. Yesudas, 2010 1970 - Staten Keralas playback-songpris 16 gonger sidan 1970. 1973 - Padmashree - frå Indias president 1974 - Sangeetha Raja 1988 - Sangeetha Chakravarthy 1988 - Beste playback-songar i 1988 frå regjeringane både i Tamil Nadu og Andhra Pradesh 1989 - Sangeetha Sagaram 1989 - Æresdoktorat frå Annamalai University 1991 - Indisk nasjonalpris for beste playback-songar 1992 - Aashtana Gayakan frå regjeringa i Kerala og The Sangeeta Nataka Akademi 1992 - Den årlege Latha Mangeshkar-prisen frå regjeringa i Madhya Pradesh 1994 - Den indiske nasjonale borgarprisen

Bakgrunnsstoff IMDb - K.J. Yesudas

Yesudas, Kattassery Joseph Yesudas, Kattassery Joseph Yesudas, Kattassery Joseph Yesudas, Kattassery Joseph Yesudas, Kattassery Joseph