Ghost Riders er det sjette studioalbumet til den amerikanske southern rock-gruppa Outlaws, gjeve ut i 1980.
Albumet vert av mange fans rekna som det siste Outlaws-albumet som følgde southern rock-stilen dei hadde spelt fram til no, og selde òg betre etter at salstala på dei seinare platene deira hadde vore heller labre. Coverversjonen deira av «(Ghost) Riders In the Sky» var ein av dei største suksessane deira og fekk òg merksemd utafor southern rock-krinsane. Ghost Riders var det siste albumet til Outlaws med Billy Jones, som vart beden om å slutte etter at albumet kom ut.
Innhald
Medverkande Rick Cua - bass, gitar, vokal David Dix - perkusjon, trommer Billy Jones - gitar, vokal Mike Duke - klaverinstrument, vokal Freddie Salem - gitar, vokal Hughie Thomasson - gitar, vokal
Salslister Album ÅrListePlassering1981Pop Albums25
Singlar ÅrSingelListePlassering1981«(Ghost) Riders In The Sky»Top Rock Tracks151981«(Ghost) Riders In The Sky»Hot 10031
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ghost Riders (Outlaws album)» frå , den 16. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Outlaws-album Kategori:Musikkalbum frå 1980 Kategori:Arista Records-album