Los Hombres Malo er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Outlaws. Det vart gjeve ut i 1982 på Arista Records og er det første albumet deira utan låtskrivaren og gitaristen Billy Jones, som fekk sparken som følgje av alkoholproblem. Bandet vart dermed ein kvartett og mista dermed særpreget sitt med tre sologitaristar.
Allmusic skreiv om albumet: «Los Hombres Malo har respektable augneblink, men er eit tydeleg teikn på at Outlaws var på veg inn i trøbbel sidan dei brukte låtskrivarar utafrå, som Jim Peterik og Sammy Hagar. Det var berre to årsaker til dette: Plateselskapet ønskte hitsinglar, eller bandet gjekk tom for drivstoff, eller kanskje ein kombinasjon av begge. Outlaws vart oppløyst etter Los Hombres Malo, men kom saman att - med den originale vokalisten og gitaristen Henry Paul attende - og gav ut Soldiers of Fortune fire år seinare.»
Innhald
Medverkande Rick Cua - bass, vokal, korvokal David Dix - perkusjon, trommer Gary Lyons - klaverinstrument, vokal, korvokal Freddie Salem - gitar, vokal, korvokal Hughie Thomasson - banjo, gitar, vokal, korvokal
Gjestearitstar Dave Lane - fele, fiolin Carol Bristow - vokal, korvokal Lu Moss - vokal, korvokal
Produksjon Produsent: Gary Lyons Lydteknikarar: Gary Lyons, Pete Thea Assistant lydteknikar: Les Horn, Phil Bonanno Mastering: George Marino Kunstnarisk leiar: Neal Pozner Design: Neal Pozner Illustrasjon: Bob Peak
Salslister Album ÅrListePlassering1982Pop Albums77
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Los Hombres Malo» frå , den 17. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Outlaws-album Kategori:Musikkalbum frå 1982 Kategori:Arista Records-album