Henny Ella Reistad () er ein norsk handballspelar frå Oslo som frå 2021 gjer teneste i danske Esbjerg. Ho vart europameister 2020 og 2022, verdsmeister 2021 og olympisk meister 2024 med Noregs landslag. Våren 2021 vann ho EHF-meisterligaen med IK Våg. Reistad er venstre rykkromspelar. Per august 2024 hadde ho delteke i 90 landskampar og skåra 372 mål.
Klubbspel Reistad var aktiv på Stabæk IF sitt lag i eliteserien frå 2015 til -18. Ho bidrog til at laget nådde finalen noregsmeisterskapen 2017. Perioden 2018-21 spelte ho på IK Våg, kjend som Vipers, Noregs suverene topplag i kvinnehandball. Med laget frå Kristiansand vart ho seriemeister 2019, 2020, 2021 og vinnar EHF-meisterligaen i 2021.
Landslagsspel Reistad fekk sin landslagdebut 22. november 2018 og deltok i EM 2018 i Frankrike, der Noreg enda på femteplass. Grunna skade var ho ikkje aktuell til VM 2019. Under europameisterskapen 2020 i Danmark markerte ho seg som ein av dei viktigaste spelarane i det norske mannskapet. I EM-finalen mot Frankrike skåra ho 2 av dei norske måla i ein kamp som enda med norsk siger 22-20. Året etter vart ho med 6 mål toppskårar i VM-finalen då Noreg atter vann ein internasjonal meisterskapsfinale. I finalen mot Frankrike under Sommar-OL 2024 vart Reistad kampens toppskårar med sine 8 nettkjenningar.
Merittar landslag EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Henny Reistad» frå , den 19. desember 2020. handball.no
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Oslo