Chiribiquete nasjonalpark (spansk ) er den største nasjonalparken i Colombia og den største nasjonalparken i verda for vern av tropisk regnskog. Parken vart etablert den 21. september 1989 med eit areal på 13 000 km². Han er utvida i to omgangar, først i 2013 og vidare i 2018 til totalt 43 000 km². Arealet inkluderer Chiribiquete-fjellkjeda og kringliggande lågland dekt av tropiske fuktige skogar, savannar og elver søraust i landet. Frå juli 2018 vart han erklært ein verdsarvstad av UNESCO.

Parken skal verne dei fysiske og biotiske elementa av regionen som er danna av evolusjonære, biogeografiske og økologiske prosessar. I parken finn ein òg den største tettleiken av bergkunst på det amerikanske kontinentet, dei eldste bileta er meir enn 20 000 år gamle.

Bergkunst Meir enn 600 000 fragment av over 75 000 helleristingar har vorte oppdaga på veggene i 60 hellerar i Chiribiquete-fjellkjeda, der den eldste kan daterast til rundt 20 000 år tilbake i tid. Bergkunst vart måla fram til 1500-talet, og vart først rapportert av den amerikanske biologen Richard Evans Schultes under dei første botaniske innsamlingane frå Chiribiquete i mai 1943. Nokre av måleria vart først fotograferte av geologen Jaime Galvis i åra 1986 og 1987. Vidare forsking var utført av Carlos Castaños, tidlegare direktør for nasjonalparkadministrasjonen i Colombia, og den nederlandske geologen og paleontologen Thomas van der Hammen frå 1990 til 1992. Den britiske naturfilmskaparen Mike Slee og den colombianske fotografen og utforskaren Francisco Forero Bonell fotograferte og filma bergmåleria på dei vertikale bergflatene i parken i 2014.

Geografi Chiribiquete nasjonalpark ligg i nordvestre colombiansk Amazonas i departementa Caquetá og Guaviare. Grensene for parken er delvis definert av elvelaup danna av elvene Apaporís, Gunaré og Amú i aust, elvene Mesay og Yari i sør, og elvene Hiutoto, Tajisa, Ajaju og Ayaya i vest. Grovt rekna er arealet trekantforma, og ein kant frå nord mot søraust følger først Tunia-elva, så Apaporís-elva etter samanlaupet med Ajaju-elva på eit punkt som heiter Dos Ríos. Sørkanten går omtrent parallelt med og litt sør for ekvator.

Geologisk er Chiribiquete nasjonalpark plassert i den vestlege regionen av Guyanaskjoldet, aust for austlege Andes, nord for Amazonas sletteland, vest for øvre Río Negro og sør for savannane til Orinoco. Høgdene i parken varierer frå omtrent 200 til 1000 meter over havet. Han inneheld geologiske formasjonar som består av platå og bratte steinete strukturar. Formasjonane er delt inn i tre ulike seksjonar: det nordlege massivet, det sentrale massivet og Iguaje Messas. Parken er kjent for sine tepuiar, platåfjell som brått reiser seg frå skogen. Fjellryggen til Chiribiquete er ein viktig rest av den fjellkjeda som tilhøyrer dei prekambriske og paleozoiske formasjonane som utgjer Guyanaskjoldet.

Òg biogeografisk ligg Chiribiquete innanfor Guyanaskjoldet. Ho inneheld mange ulike biotopar, inkludert overfløymde savannar og skogar, tropiske savannar, kratt og tropiske, fuktige skogar.

Hydrologi Chiribiquete nasjonalpark inneheld dreneringsbassenga til Mesay, Cuñare, San Jorge og Amú. Dei fleste elvene i parken er sideelver til Caquetá-elva, som igjen er ei sideelv til Amazonaselva. Mange av elvene kallast svartvasselver fordi vatnet deira har ei mørk farge på grunn av sediment frå den kringliggande jorda.

Klima Chiribiquete National Natural Park har eit tropisk klima og får rundt 4500 mm nedbør per år. Parken har tett skydekke på grunn av den geografiske orienteringa til Chiribiquete-fjellkjeda. Nedbøren er lågast mellom desember og februar, og høgast mellom april og juli. Den årlege gjennomsnittstemperaturen er 24 °C med sterke svingingar mellom dag og natt. I løpet av dei tørre månadene kan temperaturen stige til 32 °C om dagen, og falle til 20 °C om natta. Temperaturforskjellen mellom nedre og øvre høgder i parken er òg høg. Temperaturane kan nå opp til 35 °C i lågare høgder og falle til 2 °C høgst oppe. Den gjennomsnittlege luftfukta er 40 % på dagtid og stig til 100 % om natta.

Flora og dyreliv Flora Chiribiquete er heimen til 30 % av økosystema og floraen i den colombianske Amazonas, og forskarar har hittil oppdaga 1801 planteartar i parken. Dei tropiske, fuktige skogane i Chiribiquete er høgt utvikla, med visse tre som veks opp til 40 meter. Dei vanlegaste treslaga er amazonasdrue (Pourouma cecropiifolia), guamo (Inga acrocephala), ucuuba (Virola sebifera), gummitreet Hevea guianensis og Pseudolmedia laevis. Undervegetasjonen er tett og er vert for eit breitt utval av parasittiske og epifytiske plantar. På sandjord på fjella kan ein finne kratt med buskar som måler mellom 12 og 15 meter. Stader med sparsamt jorddekke, som fossar og steinete overflater, er heim for mange endemiske plantar, inkludert den monotypiske slekta Senefelderopsis og gummitreet Hevea nitida.

Fauna Forskarar har oppdaga 209 sommarfuglartar, 238 fiskeartar, 57 amfibium, 60 reptilartar, over 410 fugleartar og 82 pattedyrartar i Chiribiquete til dags dato, og mange er trua og endemiske i regionen. Regionen er kjent for å vere vert for høge nivå av endemisme hos amfibium og ferskvassfisk. Han er òg vert for rundt 30 % av flaggermusdiversitet i den colombianske Amazonas og 10 % av landets sommarfugldiversitet.

Fuglar Attraktive fuglar i Chiribiquete er gullklippehane (Rupicola rupicola), raudara (Ara macao), olivenisfugl (Chloroceryle inda), amazonisfugl (Chloroceryle amazona), ringisfugl (Megaceryle torquata), kanelmotmot (Baryphthengus martii), feittfugl (Steatornis caripensis), og den endemiske chiribiquetesmaragd (Chlorostilbon olivaresi). Andre notable fuglar i parken er fleire artar av tinamuar, hokkoar i slekta Crax, og motmotar i slekta Momotus. Harpyørn (Harpia harpyja) og buskhokko (Ortalis guttata) kan òg ofte sjåast i parken.

Pattedyr Forskarar har hittil oppdaga 52 flaggermusartar i Chiribiquete, oppsiktsvekkande flaggermus inkluderer artar i slektene Carollia, Peropteryx og Myotis, fiskeflaggermus (Noctilionidae), og ei spydnaseflaggermus, Lonchorhina marinkellei. Nokre av dei kjøttetande pattedyra i parken er kjempeoter, neotropisk elveoter Lontra longicaudis, og kattedyra ozelot, puma og jaguar. Parken er heimen til 8 artar av primatar, inkludert to artar av kapusinarar, ekornape, og store artar som Lagothrix lagothricha og raudbrøleape. Det er òg heimen til beltedyr i slekta Dasypus, kjempemaurslukar, svart agouti, låglandspaka, amazonasdelfin, navlesvinet Tayassu pecari og amazonastapir.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Chiribiquete National Park» frå , den 20. desember 2020.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Nasjonalparkar i Colombia Kategori:Skipingar i 1989