Jon Lilletun () var ein norsk politikar som representerte Kristeleg Folkeparti, der han òg var nestleiar i 12 år. Han vart fødd i tidlegare Vossestrand kommune, no innlemma i Voss.

Før han vart heiltidspolitikar arbeidde han mellom anna som handelsmann, kommunal ungdomskonsulent, kultursjef og tiltakskonsulent. Han var vararepresentant på Stortinget i tida 1981–1985, og vart innvald frå Vest-Agder fylke i 1989. Lilletun var statsråd i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i Sentrumsregjeringa frå 1997 til 2000. Han var gjennom fleire av sine stortingsperiodar KrF sin representant i kyrkje- og undervisingskomiteen, der han var leiar frå 1993 til 1997.

Då Kjell Magne Bondevik danna si andre regjering i 2001, samarbeidsregjeringa, gjekk Lilletun inn som parlamentarisk leiar for KrF på Stortinget, ei stilling han hadde til han vart sjukmeld i 2005.

Etter stortingsvalet i 2005 vart Lilletun KrF sin representant i presidentskapet på Stortinget, som visepresident i Lagtinget. Lilletun tok etter valet hausten 2005 fatt på si fjerde periode som stortingsrepresentant for KrF innvald frå Vest-Agder.

Våren 2005 gjekk han ut i permisjon på gunn av sjukdom, og Sigmund Kroslid møtte som vara.

Regjering 17. oktober 1997–17. mars 2000 statsråd Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet i regjeringa Bondevik I.

Stortingets presidentskap

2005–2006 visepresident i Lagtinget.

Stortingskomitear 1989–1993 medlem av Kyrkje- og undervisingskomiteen frå 8. november 1990. 1989–1993 medlem av Kommunal- og miljøvernkomiteen til 8. november 1990. 1989–1993 varamedlem av Kontrollkomiteen. 1993–1997 varamedlem av Den utvida utanrikskomiteen. 1993–1997 leder av Kirke-, utdannings- og forskingskomiteen. 1997–2001 medlem av Næringskomiteen frå 22. mars 1990. 2001–2005 medlem av Utanrikskomiteen. 2001–2005 medlem av Den utvida utanrikskomiteen. 2001–2005 medlem av Valkomitéen. 2005–2006 medlem av Utanrikskomiteen.

Bakgrunnsstoff

Kvar nynorskbrukar har mykje å takke Jon Lilletun for på http://www.aasentunet.no

Kategori:Norske kyrkje- og undervisningsministrar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bondevik I Kategori:KrF-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar 1989-1993 Kategori:Stortingsrepresentantar 1993-1997 Kategori:Stortingsrepresentantar 1997-2001 Kategori:Stortingsrepresentantar 2001-2005 Kategori:Stortingsrepresentantar 2005-2009 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Stortingsrepresentantar frå KrF Kategori:Folk frå Voss