Kristine Breistøl () er ein norsk handballspelar frå Oslo. Ho er europameister 2020 og 2022, verdsmeister 2021 og olympisk meister 2024 med Noregs landslag. Sommaren vart ho klar for å spele for det ungarske meisterlaget Győri ETO.

Klubbspel Breistøl var aktiv i Bækkelaget SK fram til 2012. Perioden 2012–18 gjorde ho teneste i Larvik HK, den dominerande klubben i norsk kvinnehandball. Med Larvik vart ho seriemeister fem år i rad, og ho vann like mange NM-gull. Sommaren 2018 fekk ho kontrakt med Esbjerg, der ho dei to fyrste sesongane vart dansk seriemeister. Frå hausten 2024 spelar ho for Győri ETO i Ungarn.

Landslagspel Breistøl fekk sin landslagdebut for Noreg 6. oktober 2016. Ho deltok under Handball-VM 2019 i Japan og i Handball-EM 2020 i Danmark. I begge desse meisterskapane fekk ho lite speletid, europameisterskapen enda med norsk triumf og gullmedalje til Breistøl.

Merittar landslag VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike EM 2022: Gullmedalje etter 27–25 mot Danmark VM 2023: Sølvmedalje etter 28–31 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark VM 2025: Gullmedalje etter 23–20 mot Tyskland

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kristine Breistøl» frå , den 22. desember 2020. Denne artikkelen bygger på «Kristine Breistøl» frå , den 22. desember 2020. handball.no

Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-VM 2019 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024