Together Forever er det sjuande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Marshall Tucker Band. Det vart produsert av Stewart Levine, som skipa plateselskapet CHISA. Dette var det siste albumet bandet gav ut på Capricorn Records, som gjekk konkurs. Namnet reflekterer den platoniske kjærleiken bandmedlemmane hadde for kvarandre.
Songen «Dream Lover» vart gjeven ut på singel og nådde 75. plassen på singellista. Sjølve albumet nådde 22. plassen på Billboard 200-lista og 26. plassen på countryalbumlista til Billboard.
Det neste albumet deira var eit samlealbum kalla Greatest Hits
Innhald
Salslister Album ÅrListePlassering1978Billboard 200221978Billboard Top Country Albums26 Singlar ÅrSingelListePlassering1978«Dream Lover»Billboard Hot 10075
Medverkande Doug Gray - solovokal og perkusjon Toy Caldwell - elektrisk og akustisk gitar, steelgitar, delt solovokal på «Singing Rhymes» Tommy Caldwell - bassgitar og korvokal George McCorkle - elektrisk og akustisk gitar, banjo Jerry Eubanks - fløyte, alt-, baryton- og tenorsaksofon, korvokal Paul Riddle - trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Together Forever (The Marshall Tucker Band album)» frå , den 29. desember 2020.
Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Marshall Tucker Band-album Kategori:Capricorn Records-album