mini|upright|Sanfolk har ei svært lang historie i Afrika, og har utført store mengder bergkunst, som her i Zimbabwe. Afrikansk historie går langt tilbake i tid, ettersom det var i Afrika at menneskeslekta oppstod. Her har det utvikla seg eit utal svært ulike språk og folkegrupper, medan rike som det gamle Egypt, Ghanariket og Zuluriket har oppstått og tankar og tru har spreidd seg.
Mennesket oppstod i Afrika for rundt – år sidan. Landbruket oppstod for rundt og metallurgi for rundt år sidan. Større rike oppstod ulike stader, først i det gamle Egypt og seinare i Maghreb og på Afrikas horn. I Vest-Afrika oppstod bystatar som seinare kunne danna mektige rike. Spreiinga av bantufolk og -språk frå rundt 3000–2500 f.Kr. og heilt fram til 1800-talet, kjend som bantuekspansjonen, er den største afrikanske folkevandringa ein kjenner til. Islam spreidde seg både i Aust- og Nord-Afrika, Sahel og seinare i Vest-Afrika, der det mellom anna innførte ein skriftkultur.
Frå slutten av 1400-talet tok ulike grupper store mengder menneske frå Vest-, Sentral- og Søraust-Afrika og sende dei til koloniane som slavar. Europeiske makter deltok seinare i «Kappløpet om Afrika», der dei delte størsteparten av kontinentet mellom seg som koloniar. Etter krav og fleire sjølvstendekrigar fekk mange land sjølvstende frå slutten av andre verdskrigen. Moderne afrikansk historie har vore prega av forsøk på å få desse nye statane til å fungera.
Vestlege historikarar meinte lenge at afrika mangla historie fordi det fanst få skriftlege kjelder derfrå, og fordi området hadde utvikla seg på ein annan måte enn Eurasia. I dag er afrikansk historie eit respektert felt som tek i bruk arkeologi, munnleg overlevering og den skrifta som likevel finst. Historia er likevel ikkje delt inn i fastlagde epokar slik som til dømes europeisk historie.
mini|upright|Hakkeverktøy frå oldowantradisjonen, funne i Marokko.
Utviklinga av mennesket i Afrika Afrika var fødestaden åt underfamilien hominidar og slekta Homo. Av artane i denne slekta er det berre Homo sapiens, mennesket, som eksisterer i dag. Aust-Afrika har fleire viktige funnstader for tidlege menneske—Afarsenkinga ved Afrikas horn, Koobi Fora i Kenya og Olduvai i Tanzania.
I følgje paleontologisk og arkeologisk forsking levde dei første hominidane i Afrika for meir enn fem millionar år sidan. Desse dyra var framleis svært like dei nærskylde afrikanske menneskeapane, men hadde utvikle evna til å gå på bakføtene. Dette gav dei eit stort utviklingsmessig fortrinn fordi det gav dei ein sjanse til å leve både i skogen og på dei opne savannane. På denne tida vart det tørrare i Afrika, og savannane voks, medan skogdekket minka. For tre millionar år sidan hadde fleire typar Australopithecus-hominidar utvikla seg i det sørlege, vestlege og sentrale Afrika.
Det neste store utviklingsteget skjedde for omtrent to millionar år sidan, med utviklinga av arten Homo habilis, kjend som ein av dei første hominidane til å lage verktøy. Oldowan er ei nemning på reiskapane som vart laga av menneskeapar på denne tida. Ein annan viktig art, Homo erectus, laga meir innvikla verktøy og kunne kontrollera eld. Han var den første hominiden som vandra ut frå Afrika og slo seg ned i heile Eurasia.
Fossilfunn viser at Homo sapiens levde i det sørlege og austlege Afrika for 100 000 til 150 000 år sidan. Dei tok til å utvikla moderne menneskeleg åtferd: Dei eldste kjende døma på menneskeskapte symbol, i Blombos-hòla i Sør-Afrika, er 100 000 år gamle. Dei eldste spora etter moglege ritual er frå 70 000 år sidan og er funne i Tsodilo-hòla i Botswana.
Førhistoriske kulturar mini|Holemåleri frå yngre steinalder i Tassili n'Ajjer i Algerie.
Under holocentida hadde nordlege Afrika eit kjøligare og fuktigare klima, der noverande ørkenområde som Sahara og Sahel hadde savanneklima og mykje av dagens savanne var skogdekt. Dette viser igjen i førhistorisk kunst og andre arkeologiske funn. I mellomsteinalderen fanst iberomaurusisk kultur og seinare capsien i Nord-Afrika. Desse var reiskapslagande jakt- og sankekulturar som laga bergkunst og steinsetjingar. I sørlege og austlege Afrika laga industriar som nachikufien og wiltonien små steinverktøy, mikrolittar, medan den austafrikanske eburrankulturen, som kan minna om capsien, også laga steintøy.
Eit tørrare og hardare klima kan ha medverka til at jordbruksrevolusjonen fann stad i Nord- og Sentral-Afrika, men ørkenspreiing førte også til avfolking av ørkenområda og ei tettare folkesetting i Nildalen og i dei sentralafrikanske savanneområda, der folk dreiv fiske og jordbruk nær elvar og sjøar. Frå midten av 2000-talet f.Kr. spreidde nomadisk husdyrhald seg aust- og sørover frå Sudan-regionen. Utbreiinga gjekk seinare på 1000-talet f.Kr., kanskje fordi tropiske sjukdommar plaga dyra og på grunn av tidlegare etablerte jakt- og sankesamfunn.
Etiopia hadde ein særprega gammal kultur med tidvis kontakt med Eurasia etter utvandringa av hominidar frå Afrika. Landbruket her utvikla seg rundt 3000 f.Kr., og er tilpassa dei nordlege høglanda, med heilt andre vekstar enn elles i Afrika. Dei viktigaste vekstane er kaffi, sorghum og teff, eit kornslag tilpassa tørre område.
Rundt 3000 f.Kr. byrja bantufolk å vandra ut frå sentralafrikanske kyststrok. Bruk av jern i større omfang tok til i nordlege Afrika rundt 500 fvt. og spreidde seg derfrå, saman med ny landbrukskunnskap. Jernvinne og ny jordbruksteknologi var spreidd til nesten heile verdsdelen rundt år 800. Han gjorde det mogleg å driva jordbruk sjølv i område der tsetsefluger gjorde det umogleg å bruka husdyr til å trekka treplogar. Innføringa av jern og ein jordbrukskultur tilpassa tropisk klima hjelpte den såkalla bantuekspansjonen, og bantufolk spreidde til store delar av Afrika sør for Sahara. Dei fortrengde, absorberte eller påverka tidlegare innbyggjarar, som khoisantalande folk.
Historisk tid
Oldtidsrike mini|Djoser-pyramiden i Sakkara frå 2000-talet fvt., den eldste av pyramidane i Egypt. mini|Nubiske pyramidar ved Meroe i Sudan. Dei tidlegaste skriftlege kjeldene frå Afrika er frå Egypt, og den eldgamle egyptiske kalenderen er framleis brukt som standard for å tidfeste jernalder- og bronsealderkulturar i regionen.
På 3000-talet fvt. vart Egypt samla under ein herskar, ofte kalla Menes. Han grunnla det første av dei 30 dynastia i historia til det gamle Egypt. Pyramidane i Giza nær Kairo vart bygd i det fjerde dynastiet og viser styrken i den faraoiske religionen og staten. Gamle Egypt var på høgda av makta si og hadde størst utstrekning frå 1567 til 1085 fvt.
Egyptarane nådde Kreta rundt år 2000 fvt. I etterkant av dette vart dei invadert av indoeuropeiske og semittiske folkeslag. Egyptarane vann over inntrengarane rundt 1570 fvt. og ekspanderte etter dette inn i Egearhavet, Sudan og Libya. Dei herska over det meste av Midt-Austen fram til Eufrat.
Det har vore diskusjonar om kor viktig den gamle egyptiske kulturen har vore for utviklinga i Afrika. Tidlege generasjonar av vestlege afrikanistar rekna den egyptiske kulturen som ein middelhavskultur som hadde liten innverknad på resten av Afrika. Nyare generasjonar av afrikanske historikarar ser dette annleis. Dei reknar Egypt som like viktig for utviklinga i Afrika som Hellas har vore i Europa. Det er tydelege spor av kontakt mellom Egypt og Etiopia og den øvre Nildalen sør for kataraktane, i Nubia og Kusj. Kontakt med Sahel og Vest-Afrika er det enno ikkje sikre spor for.
Dei afrikanske landa som ligg ved Middelhavet vart kolonisert av fønikarane før år 1000 fvt. Kartago vart grunnlagt rundt 814 fvt., og voks snart til ein av dei største byane rundt Middelhavet. Fønikarane nedkjempa berbarane som likevel utgjorde størsteparten av innbyggarane. Fønikarane vart herrar over alt det dyrkbare landet i Nord-Afrika vest for Syrtebukta, og vart rike gjennom handel.
Dei gamle grekarane grunnla Cyrene i Libya rundt 631 fvt. Cyrenaica voks fort og vart ein rik koloni, men fordi byen var omgjeven av ørken på alle kantar, fekk han liten innverknad på resten av Afrika. Grekarane hadde likevel stor innverknad på Egypt. Alexandria vart grunnlagt av Alexander den store i 332 fvt og under det hellenistiske ptolemear-dynastiet gjorde grekarane forsøk på å trenge sørover og fekk noko kontakt med Etiopia.
Dei tre maktene Cyrenaica, Egypt og Kartago vart etterkvart overskygga av Romarriket. Etter fleire hundreår med rivalisering mellom Kartago og Roma fall Kartago i 146 fvt., og i løpet av eit lite hundreår vart Egypt og Cyrene del av Romarriket. Under det romerske styret var desse områda rike og fekk eit latinsk innslag. Sjølv om Fezzan var okkupert av romarane fann dei i all hovudsak at Sahara var eit effektivt stengsel for vidare ekspansjon. Romarane nådde Nubia og Etiopia, men ein ekspedisjon som keisar Nero sendte ut for å finne kjeldene til Nilen var ein fiasko. Middelhavsfolket sin kunnskap om geografien til Afrika finn vi i skriftene til Klaudios Ptolemaios. Skriftene viser at dei kjente til dei store sjøane som er reservoar for Nilen, kysten langs Indiahavet så langt som til Tanzania og at dei visste om elva Niger.
På denne tida var det stor kontakt mellom Asia, Europa og Nord-Afrika. Dette førte til spreiinga av den klassiske kulturen rundt heile Middelhavet, ein varig kamp mellom romarane og berbiske stammar, innføring av kristendom i heile regionen og kulturelle effektar av kyrkjene i notidas Tunisia, Egypt og Etiopia. I sistnemnde landet utvikla Aksum-riket seg i det første tusenåret, og voks seg rikt som punkt på handelsvegen mellom India og middelhavslanda.
Vandalar invaderte og okkuperte dei romerske provinsane i Nord-Afrika i det femte hundreåret. Det bysantinske riket vann tilbake provinsane, men den romerske antikken og den nordlege påverknaden på Afrika var i ferd med å svekkast.
Afrikanske rike og islamisering mini|Kart som viser plassering og omtrentleg utstrekking av fleire afrikanske rike rundt 500 f.Kr. til 1500. Afrika kom tidleg i kontakt med islam, ettersom muslimar frå Mekka søkte tilflukt i Etiopia allereie på Mohammed si tid. Det var utbreidd kontakt over Raudehavet mellom Afrika og Arabia, noko som prega kulturen til swahilifolka i Aust-Afrika. Før trudde ein at swahilifolket var etterkomarar etter persiske kolonistar, men dei fleste historikarar, lingvistar og arkeologar er no samde om at swahilifolket er eit bantufolk som har hatt langvarige og kontinuerleg samband med muslimske handelsfolk frå det sjuande eller åttande hundreåret. Historisk fann ein swahilifolk så langt nord som dagens Mogadishu i Somalia og så langt sør som Rovumaelva i dagens Mosambik. Rundt 1100 stod swahilifolket fram med ein distinkt og sterk kultur med hovudbase i ei rad handelsbyar langs kysten. Kilwa Kiswan var den viktigaste byen på 1200-talet, og er i dag rekna som verdsarv.
I det sjuande hundreåret skjedde det store endringar i Nord-Afrika, som vart erobra av arabiske muslimar. Dei tok først Egypt og sidan heile Nord-Afrika og delar av Spania. Kristendommen forsvann i all hovudsak frå Nord-Afrika. Det einaste unnataket var den koptiske kyrkja som overlevde i Egypt, og i Nubia som ikkje vart okkupert.
I det åttande, niande og tiande hundreåret var det ikkje svært mange arabarar i Afrika. Områda vart kontrollert gjennom militært overtak. I det ellevte hundreåret kom det fleire arabiske innvandrarar til Nord-Afrika, og kulturen der vart meir arabisk. Sjølv før denne innvandringa hadde mange berbarar overtatt språket og religion til dei arabiske herskarane.