Living in Fear er det andre og siste studioalbumet til det engelske progrockbandet Tempest, gjeve ut på Island Records i 1974.
Etter det debutalbumet vart spelt inn året før, fekk bandet med seg gitaristen, Ollie Halsall, som hadde spelt gitar i progrockbandet Patto. I tillegg til Allan Holdsworth hadde bandet då to gitaristar. Dei spelte ei rekkje konsertar sommaren 1973, men då Living in Fear skulle spelast inn var bandet redusert til ein trio med Halsall, Jon Hiseman på trommer og Mark Clarke på bass, visstnok fordi Holdsworth ikkje ønskte å spele med ein annan gitarist. Bandet vart oppløyst kort tid etter.
Innhald
Medverkande Per plateomslaget:Living in Fear lp [liner notes]. Ollie Halsall - gitar, Moog synthesizer, piano, vokal Mark Clarke - bassgitar, vokal Jon Hiseman - trommer, perkusjon
Teknisk Gerry Bron - produsent Geoff Emerick - lydteknikar Peter Swettenham - lydbandoperatør Rob Arrenstein - lydbandoperatør Mike Vickers - Moog-teknikar Fin Costello - fotografi Fabio Nicoli Associates - design
Kjelder
Kategori:Tempest (1970-åra)-album Kategori:Bronze Records-album Kategori:Album produserte av Gerry Bron