Strange New Flesh er debutalbumet til det engelske jazzfusionbandet Colosseum II, utgjeve 19. april 1976 på Bronze Records.
Albumet kom ut fem år etter at den opphavlege jazzrockgruppa Colosseum vart oppløyst. Trommeslagaren Jon Hiseman starta opp Coloseeum II, som var meir jazzfusionprega enn det originale bandet. Med seg i bandet fekk han gitaristen Gary Moore frå Thin Lizzy og klaverspelaren Don Airey. Debutplata la vekt på gitarspelet til Moore. Songaren i bandet var Mike Starrs med Neil Murray spelte bass. Albumet var produsert av Hiseman.
I følgje Allmusic var høgdepunktet på albumet «den teknisk prangande, men salig ærbødige oden til Pink Floyd, 'Dark Side of the Moog', ein fin versjon av Joni Mitchell sin 'Down to You' og den funky 'Gemini and Leo'.»
Innhald
Utvida utgåve Utgjeve i 2005 på Castle Music og igjen i 2012 på Esoteric Recordings utanom dei tre siste spora.
Medverkande Mike Starrs - vokal Gary Moore - gitar, vokal Don Airey - Fender Rhodes piano, flygel, Hammondorgel, Minimoog, ARP Odyssey, Solina String Ensemble, Clavinet Neil Murray - bass Jon Hiseman - trommer, perkusjon John Mole - bass (plate 2, spor 1-10)
Kjelder
Kategori:Colosseum II-album Kategori:Musikkalbum frå 1976 Kategori:Bronze Records-album Kategori:Album produserte av Jon Hiseman