Kohkiluyeh og Buyer Ahmad (farsi استان کهگیلویه و بویراحمد Ostān-e Kohgīrūye-o Būyer-Ahmad) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sørvest i landet, i Region 2, med provinshovudstad i Yasuj. Provinsen har ei flatevidd på 15 504 kvadratkilometer, og i 2006 hadde han 634 000 innbyggjarar. I 2016 var folketalet omtrent 715 000 innbyggjarar. Majoriteten av innbyggjarane talar lurisk.
mini|venstre|Dena-fjella sett frå sørvest. Provisen er fjellendt og ein del av Zagrosfjella. Det høgastepunktet er Dena med ei høgd på 5 109 moh.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kohkiluyeh and Buyer Ahmad» frå , den 7. mars 2021. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Provinsar i Iran