Polina Sergejevna Gagarina () er ein russisk songar, låtskrivar, skodespelar og modell. Ho representerte Russland i Eurovision Song Contest 2015 med songen «A Million Voices», der ho enda på andreplass. Gagarina deltok i den kinesiske talenttevlinga Singer, der ho nådde finalerunden.

Liv og virke

Bakgrunn Polina Gagarina vart fødd i Moskva, men vaks opp i Hellas, der mora hennar arbeidde som ballettdansar. I 1993 døydde faren, og familien flytta attende til Russland, før dei igjen flytta attende til Hellas og busette seg i Athen. Etter å ha fullført utdanninga i Hellas, flytta Gagrina til bestemora i Saratov i Russland.

Gagarina snakkar flytande russisk, gresk og engelsk.

Karriere Som 16-åring i 2003 deltok Gagarina i den andre sesongen av det russiske talentshowet Star Factory. Ho framførte fleire songar av Maksim Fadejev og vann til slutt tevlinga. Etter sigeren, slutta ho seg til jentegruppa Playgirls, men gruppa vart oppløyst kort tid etter.

I 2008 gav Gagarina ut singelen «Komu, zatsjem?», ein duett med den russiske songaren Irina Dubtsova. I mars 2010 slapp ho sitt andre studioalbum, О себе. I 2012 byrja ho eit samarbeid med det russisk-georgiske produsenten Konstantin Meladze. Saman med Meladze spelte ho inn fire singlar: «Spektakl okontsjen» ('spelet er over'), «Njet» ('nei'), «Navek» ('for alltid') og «Sjagaj» ('kamp').

I 2015 representerte Gagarina Russland i Eurovision Song Contest 2015, der ho til slutt hamna på andreplass med songen «A Million Voices».

I juli same år opptredde ho under trekkinga til Fotball-VM 2018 i St. Petersburg. Ho var seinare mentor i fjerde og femte sesong av Golos, den russiske utgåva av The Voice.

I 2019 deltok Gagarina i det kinesiske talentshowet Singer 2019. Ho er den tredje europearen som deltek i konkurransen, etter britiske Jessie J og Kristijan Kostov frå Bulgaria. Ho nådde til slutt finalerunden i april 2019 på tv-kanalen Mango TV.

Diskografi

Studioalbum

2007: Poprosi u oblakov ('Spør skyene') 2010: O sebe ('Om meg') 2016: 9

Singlar Tittel År Høgasteplassering Album RUSHøgaste plassering for singlar i Russland: For "Спектакль окончен": Lenta.ru: Музыка: Кончится лето For "Нет": Lenta.ru: Тарантино возглавил российский чарт iTunes For "Навек": Lenta.ru: Ани Лорак оккупировала российские чарты iTunes For "A Million Voices": Lenta.ru: Песня Гагариной на «Евровидении» For "Кукушка": Lenta.ru: Песня из фильма «Битва за Севастополь» RUS Airplay BEL(VL) BEL(VA) TYS IRL NED SVE SVI STO UKR AirplayHøgaste plassering for singlar på den ukrainske airplay-lista: For "Спектакль окончен": Спектакль_окончен - Полина Гагарина For "Нет": Нет - Полина Гагарина For "Навек": Навек - Полина Гагарина For "Шагай": Шагай - Полина Гагарина For "A Million Voices": A Million Voices - Полина Гагарина «Колыбельная» ('Voggesong') 2005 — — — — — — — — — — — Попроси у облаков «Я твоя» ('Eg er di') 2006 — — — — — — — — — — — «Я тебя не прощу никогда» ('Eg tilgjev deg aldri') 2007 — — — — — — — — — — — «Любовь под солнцем» ('Kjærleik under sola') — 17 — — — — — — — — — О себе «Где-то живёт любовь» ('Kjærleiken bur ein stad') 2008 — — — — — — — — — — — «Кому, зачем?» ('Til kven for kva?')(duett med Irina Dubtsova) — — — — — — — — — — — «Пропади всё» ('Pokker ta alt') 2009 — — — — — — — — — — — «Я обещаю» ('Eg lovar') 2010 — — — — — — — — — — — ikkje frå album «Осколки» ('Fragment') 2011 — — — — — — — — — — — «Спектакль окончен» ('Spelet er over') 2012 3 10 — — — — — — — — 3 «Нет» ('Nei') 2 3 — — — — — — — — 1 «Навек» ('For evig') 2013 5 26 — — — — — — — — 23 «Шагай» ('Kamp') 2014 — 15 — — — — — — — — 15 «A Million Voices» ('Ein million stemmer') 2015 1 1 22 38 46 86 99 26 39 97 152 «Кукушка» ('Ko-ko') 2 — — — — — — — — — — Battle for Sevastopol OST «Я не буду» ('Eg vil ikkje') — 52 — — — — — — — — — ikkje frå album «Не пара» ('Ikkje eit par') — — — — — — — — — — — Hotel Transylvania 2 OST (russisk dubbing) «Танцуй со мной» ('Dans med meg') 2016 — — — — — — — — — — — 9 «Обезоружена» ('Avvæpna') 2017 — — — — — — — — — — — «—» markerer at singelen ikkje nådde lista i det aktuelle området.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Polina Gagarina» frå , den 20. mars 2021.

Kategori:Eurovision Song Contest 2015-deltakarar Kategori:Folk frå Moskva Kategori:Russiske songarar Kategori:Russiske Eurovision Song Contest-deltakarar