Ottar Brox () var ein norsk samfunnsforskar og politikar for Sosialistisk Venstreparti, fødd i Torsken. Han var professor i sosiologi ved UiT 1972-1984 og stortingsrepresentant for Troms 1973-1977. Brox blir også rekna som ein av føregangsfolk bak opprettinga av Universitetet i Tromsø.
Liv og virke Ottar Brox studerte ved Troms landbruksskole i 1948-1949 og blei utdanna sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskole i 1957.Profil ved stortinget.no
Brox er kjend for boka Hva skjer i Nord-Norge? frå 1966. Denne boka vart inspirasjonskjelde for nordnorsk regionalisme og oppvurdering av sjarkfisket si økonomiske betydning. Temaet i denne boka vart i 1984 vidareført i boka Nord-Norge: Fra allmenning til koloni.
Brox var professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø frå 1972 til 1984, seinare professor II, mens han var forskingsleiar ved Norsk institutt for by- og regionforskning.
Politikk Brox var stortingsrepresentant for SV for Troms i perioden 1973–1977. Han har skrive mange populærfaglege bøker og artiklar, og vore aktiv i den offentlege debatten.
Prisar og utmerkingar
2000 - Norsk sosiologforenings hederspris 2002 - Fritt Ords honnør 2003 - Æresdoktor ved Universitetet i Tromsø 2005 - Årets bok - Klassekampens litteraturpris 2019 - Æresdoktor ved Noregs mijø- og biovitenskapelige universitet Verkliste
1957: Norsk landbrukspresse fram til omkring 1840 / Ottar Brox. Vollebekk : Norges landbrukshøgskole. Hovedoppgåve ved Norges landbrukshøgskole. 1966: Hva skjer i Nord-Norge? : en studie i norsk utkantpolitikk. Pax-bøkene ; 39 Oslo : Pax 1972: Newfoundland fishermen in the age of industry : a sociology of economic dualism. Newfoundland social and economic studies ; 9. St. John's : Institute of Social and Economic Research, Memorial University of Newfoundland. 1989: Praktisk samfunnsvitenskap. Universitetsforlagets metodebibliotek. Oslo : Universitetsforlaget. 1995: Dit vi ikke vil. Ikke-utopisk planlegging for neste århundre. Halden: Exil 2005: Arbeidskraftimport : velferdsstatens redning - eller undergang?. Oslo : Pax. 2016: På vei mot et postindustrielt klassesamfunn? Oslo : Pax.
Kjelder
Kategori:Norske sosiologiprofessorar Kategori:Professorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør Kategori:Æresdoktorar ved UiT Noregs arktiske universitet Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Folk frå Torsken