Krabbar (Brachyura) er krepsdyr med fire par bein, eitt par klør og ein sterkt redusert bakkropp som vert boren under framkroppen. Dei lever for det meste i havet, men særleg i tropane finst det òg artar i ferskvatn og på land. Gruppa er den største og mest varierte av tifotkrepsdyra, med over 6 793 registrerte artar fordelt på 70 familiar.
Langs norskekysten er det funne om lag 30 ulike krabbeartar. Dei vanlegaste er taskekrabbe og strandkrabbe.
Eigentlege krabbar høyrer til infraklassa Brachyura, men fleire andre krepsdyr (m.a. trollkrabbar og porselenskrabbar, som høyrer til anomurane) har utvikla fleire av dei same trekka uavhengig av desse. Ein skil dei to gruppene frå kvarandre på at det femte paret gangbein hjå anomurane ofte er tilbakedanna og vert bore inne i gjellekammeret. Denne artikkelen tek for seg dei «ekte krabbane» i Brachyura-gruppa.
Skildring Krabbar høyrer til tifotkrepsen og har såleis fem par bein, kor dei første er omdanna til klør. Som oftast er bakkroppen (abdomen) folda inn under forkroppen (cephalothorax) i vaksenstadiet. Dei fleste krabbar viser her skilnad på kjønna; Hannen har smalare bakkropp enn hoa som treng fleire bakkroppsbein til å bera egg med.
Munndelane til krabbane er skjult, dekt av maxillipedar, og til skilnad frå andre storkreps dannar ikkje framparten på ryggskjoldet (carapax) noko nakkehorn (rostrum). Eit anna særtrekk er at ingen av antennepara er todelte, til skilnad frå dei fleste andre krepsdyr. Gjellene til krabbane er sett saman av flate plater som liknar dei ein finn hjå reker, men med ulik struktur.
Til skilnad frå andre tifotkreps, som har kjønnsopningane sine på beina, har krabbane sine på brystet. Hjå kladen Eubrachyura sit dei inntil den tilbakedanna bakkroppen hjå hoa, medan kladen Thoracotremata òg har utvikla dette trekket hjå hannane. Krabbehannar overfører spermen med dei første pleopodane umiddelbart etter at hoa har skifta skal.
Levesett venstre|mini|Halloweenkrabben (Gecarcinus ruricola) er ein landkrabbe som lever i tropisk regnskog i mellom-Amerika. Krabbar er for det meste altetarar, men det eksisterer ei rekkje ulike tilpassingar hjå dei einskilde artane. Nokre artar et hovudsakleg alger, medan andre kan leva av plankton eller åtsel. Dei mest utbreidde artane i norsk farvatn et hovudsakleg muslingar.
Krabbane er utbreidd i eit vidt spekter av habitat; dei fleste i havet, men det finst òg 850 artar i ferskvatn og på land (landkrabbar).
Evolusjon Dei eldste sikre krabbefossila kjem frå Juratida, men fossil av ryggskjoldet til karbon-slekta Imocaris tyder på at han kan ha vore ein primitiv krabbe. Den adaptive strålinga av krabbar i krittida og seinare kan anten forklarast med oppsplittinga av Gondwanaland eller som koevolusjon med den samtidige strålinga av beinfisk, som i dag er krabbane sine hovudfiender.
Utviklingshistoria til krabbane har elles vore kjenneteikna av ein reduksjon av bakkroppen og ei generell auke i pansring av rygg- og bukskjoldet. Dette har foregått i fleire ulike grupper tifotkreps, men det har gått lengst hjå dei ekte krabbane. Telsonen har ikkje lenger nokon funksjon hjå krabbane, og halevifta (uropodane) er fullstendig tilbakedanna eller omdanna til feste for bakkropprestane til brystet.
Ein trudde lenge at dei om lag 850 artane ferskvass- og landkrabber var i nær slekt, men i dag meiner dei fleste at dei representerer minst to uavhengige utviklingsgreiner; minst ei i Amerika og ei i Den gamle verda.
Fangst Om lag 20 % av alle krepsdyr som vert fanga eller avla fram som mat på verdsbasis er krabbar, til saman over 1½ millionar tonn. Ein femtedel av dette kjem frå den aust-asiatiske arten Portunus trituberculatus, som høyrer til i symjekrabbefamilien. Her til lands er det taskekrabben (Cancer pagurus) som vert teken i størst kvanta, men strandkrabbe skal òg smaka godt.
Andre viktige artar omfattar m.a. symjekrabben Portunus pelagicus, Callinectes sapidus, Cancer magister, Scylla serrata og fleire artar i slektene Chionoecetes og Charybdis. Kongekrabben vert òg seld som krabbe, men høyrer eigentleg til anomurene.
Systematikk 250px|høgre|mini|Taskekrabbe. 250px|høgre|mini|Vinkekrabbe. 250px|høgre|mini|Spøkelseskrabbe. Infraordenen Brachyura omfattar 6 793 artar fordelt på 70 familiar, og er den mest artsrike gruppa tifotkreps. Dei vert delt inn i to seksjonar, Podotremata og Eubrachyura, og vidare i ei rekkje overfamiliar:
Seksjon Dromiacea De Haan, 1833 Dakoticancroidea † Rathbun, 1917 Dromioidea De Haan, 1833 Eocarcinoidea † Withers, 1932 Glaessneropsoidea † Patrulius, 1959 Homolodromioidea Alcock, 1900 Homoloidea De Haan, 1839 Seksjon Raninoida De Haan, 1839 Seksjon Cyclodorippoida Ortmann, 1892 Seksjon Eubrachyura de Saint Laurent, 1980 Underseksjon Heterotremata Guinot, 1977 Aethroidea Dana, 1851 Bellioidea Dana, 1852 Bythograeoidea Williams, 1980 Calappoidea De Haan, 1833 Cancroidea Latreille, 1802 Carpilioidea Ortmann, 1893 Cheiragonoidea Ortmann, 1893 Componocancroidea † Feldmann, Schweitzer & Green, 2008 Corystoidea Samouelle, 1819 Dairoidea Serène, 1965 Dorippoidea Macleay, 1838 Eriphioidea Macleay, 1838 Gecarcinucoidea Rathbun, 1904 Goneplacoidea Macleay, 1838 Hexapodoidea Miers, 1886 Leucosioidea Samouelle, 1819 Majoidea Samouelle, 1819 Orithyioidea Dana, 1852 Palicoidea Bouvier, 1898 Parthenopoidea Macleay, Pilumnoidea Samouelle, 1819 Portunoidea Rafinesque, 1815 Potamoidea Ortmann, 1896 Pseudothelphusoidea Ortmann, 1893 Pseudozioidea Alcock, 1898 Retroplumoidea Gill, 1894 Trapezioidea Miers, 1886 Trichodactyloidea H. Milne Edwards, 1853 Xanthoidea Macleay, 1838 Underseksjon Thoracotremata Guinot, 1977 Cryptochiroidea Paul’son, 1875 Grapsoidea MacLeay, 1838 Ocypodoidea Rafinesque, 1815 Pinnotheroidea De Haan, 1833
Kjelder Brusca & Brusca: Invertebrates, Sinauer 2002 Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i havet, Kom forlag 2003 Skildring på Crustacea.net
Delar av denne artikkelen bygger på «Crab» frå , den 9. november 2007.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Krepsdyr