Eduard Georgijevitsj Ivanov () var ein sovjet-russisk ishockeyspelar frå Moskva som vart olympisk meister 1964 og verdsmeister 1963, 1965, 1966 og 1967 for Sovjetunionen.
Ivanov var forsvarar. I tida 1959-67 spelte han 79 landskampar og skåra 16 mål for Sovjetunionen. Han deltok i Ishockey-VM 1963, Vinter-OL 1964 og verdsmeisterskapen i 1965, såvel som i 1966 og 1967. Frå alle desse meisterskaps-turneringane reiste han heim med gullmedalje.
På klubbnivå gjorde Ivanov teneste 1955-57 i Kimik Voskresensk, 1957-62 i Krylja Sovetov frå Moskva, deretter topplaget CSKA Moskva i tida frå 1962 til 1967. Dei fem siste sesongane med CSKA vart han sovjetisk seriemeister. Han avslutta sine år som aktiv med tre års spel for Spartak Kalinin.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Eduard Georgijewitsch Iwanow» frå , den 31. mars 2021.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1964 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1964 Kategori:Folk frå Moskva