Aras-demninga (aserbajdsjansk Araz su anbarı, persisk سَدِّ اَرَس) er ein fyllingsdam over Araselva langs grensa mellom Iran og Aserbajdsjan. Han ligg nedanfor Poldasht i Vest-Aserbajdsjan i Iran og Nakhitsjevan i den autonome republikken Nakhitsjevan i Aserbajdsjan. Hovudføremålet med demninga er reservoar for eit vasskraftverk og vassforsyning.
11. august 1957 vart det underteikna ein avtale mellom Sovjetunionen og Iran i Teheran om å byggje Arasdemninga. Dette vart gjort på ei tid då Aserbajdsjan var ein del av Sovjetunionen. Bygginga av demninga byrja i 1963 og stod ferdig i 1970.
Arasdemninga er 40 meter høg frå fundamentet og 34 meter over elva. Det er ein fylldemning fylt med sand og ein kjerne av leire. Han er 1 026 meter lang og åtte med brei på midten. Reservoaret bak demninga ligg normalt sett 777 moh og held på 1,35 km³ vatn, med ei overflate på 145 km².
Kraftverket har fire turbinar med ein kapasitet på 11 megawatt kvar. To av generatorane står på den iranske sida og dei andre to på den aserbajdsjanske.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aras Dam» frå , den 11. april 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Byggverk ferdigstilt i 1970 Kategori:Demningar i Aserbajdsjan Kategori:Demningar i Iran Kategori:Nakhitsjevan autonome republikk Kategori:Den aserbajdsjansk-iranske grensa Kategori:Fyllingsdammar Kategori:Vasskraftverk i Iran Kategori:Vasskraftverk i Aserbajdsjan