Ivan Hlinka () var ein tsjekkisk ishockeyspelar og trenar frå Most som i perioden 1972-77 vart trefaldig verdsmeister med Tsjekkoslovakia. Han var landslagssjef då Tsjekkia gjekk til topps i Vinter-OL 1998 og Ishockey-VM 1999. Hlinka, som var senterløpar, vert rekna som ein av dei aller beste tsjekkiske ishockeyspelarane nokon gong.

Spelar Klubbspel Hlinka spelte på HC Litvínov sitt lag i den tsjekkoslovakiske serien frå 1966 til 81, og på ny 1985-87. I mellomtida tenestegjorde han 1981-83 i den kanadiske NHL-klubben Vancouver Canucks og 1983-85 i sveitsisk EV Zug.

Landslagsspel I åra frå 1970 til 1981 deltok Hlinka i elleve verdsmeisterskap og to olympiske vinterleikar. Han vart verdsmeister med Tsjekkoslovakia i 1972, 1976 og 1977. I 1972 vann han OL-bronse i Sapporo og i 1976 OL-sølv i Innsbruck. I VM 1978 fekk han plass i All-Star-Team.

Trenar Hlinka var landslagssjef 1991-92 for Tsjekkoslovakia og 1993-99 for Tsjekkia. Han leidde Tsjekkia til OL-gull under Vinter-OL i Nagano i 1998 og til VM-gull under ishockey-VM i Noreg i 1999.

Hlinka omkom i ei bilulukke på veg heim frå Karlovy Vary.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ivan Hlinka» frå , den 25. april 2021.

Kategori:Tsjekkoslovakiske ishockeyspelarar Kategori:Tsjekkiske ishockeyspelarar Kategori:Trenarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976 Kategori:Døde i trafikkulukker