Rettar er rettslege, sosiale eller etiske prinsipp knytte til fridom og privilegium innan eit system av lov og rett. Dei omfattar normative reglar om kva folk har lov til eller forbod mot å gjera innan eit visst rettssystem, samfunnsordning eller etisk teori.

Viktige dokument

Magna Carta (England, 1215) Kravde at kongen av England skulle gje frå seg visse rettar og respektera visse juridiske prosedyrar, og dessutan akseptera at sjølv viljen til kongen kunne vera bunden av lov. Bill of Rights (England, 1689) Erklærte at engelskmenn, gjennom Parlamentet, har visse sivile og politiske rettar som ein ikkje kan ta frå dei. Erklæringa om rettane til mennesket og borgarane (1789; Frankrike) Eit av dei fundamentale dokumenta frå den franske revolusjonen, som definerte eit sett av individuelle rettar og kollektive rettar for folket. Bill of Rights (USA, 1789/1791) Dei fyrste ti tilføyingane til den amerikanske grunnloven Menneskerettsfråsegna (SN, 1948) Ei lang rekke standardar der regjeringar, organisasjonar og individ kunne samanlikna oppførselen sin i høve til kvarandre. Den europeiske menneskerettskonvensjonen (1950) Teken i bruk med stønad frå Europarådet for å verna menneskerettar og grunnleggjande fridommar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Rights» frå , og «Rettighed» frå den 11. mai 2021.

Bakgrunnsstoff

Stanford Encyclopedia of Philosophy, artikkel av Leif Wenar. Human Rights Watch Amnesty International International Freedom of Expression Exchange Samanlikning av menneskerettar

Kategori:Etikk Kategori:Rettsvitskap