Martin Raymond Keown () er ein engelsk tidlegare fotballballspelar. Han var i årevis midtstoppar på Arsenal FC, ein klubb han hadde stor suksess med i tida 1997-2002. Keown utmerkte seg som hovudspelar og med harde taklingar. Ballteknisk mangla han mykje på internasjonalt nivå.
Aktiv Klubbspel Keown fekk sin ligadebut med andredivisjonslaget Brighton & Hove Albion i 1984. Han hadde kontrakt med Arsenal og spelte for laget frå seinhausten 1985 til han sommaren 1986 vart overført til Aston Villa. Frå sommaren 1989 spelte Keown på Everton til midtvegs i 1992/93-sesongen, då gjekk turen tilbake til Arsenal. Dei neste elleve sesongane var han med på den store oppturen for Arsenal-laget, eit lag som sikra seg dobbeltsiger i ligaen og FA-cupen i så vel 1998 som 2002. Etter ein sesong på Arsenal-benken avslutta han 2004-06 med spel på nivå 2 for, fyrst, Leicester City og så Reading.
Landslagsspel Keown debuterte på England sitt landslag i 1992 og deltok i 43 landskampar dei neste ti åra. I mange av kampane danna han midtstopparpar med klubbkameraten Tony Adams. Keown var med i troppane til EM 1996, VM 1998, EM 2000 og VM 2002. Han skåra 2 landslagsmål.
Merittar Vinnar av Cupvinnarcupen: 1994 for Arsenal FC Engelsk ligameister:1998, 2002 og 2004 for Arsenal FC Vinnar av FA-cupen: 1998, 2002 og 2003 for Arsenal FC
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Martin Keown» frå , den 21. mai 2021. eu-football
Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Folk frå Oxford Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:Everton-spelarar Kategori:Brighton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 1992 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1998 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Leicester-spelarar