Ivar Berntsen () var ein norsk kontor- og bankmann og politikar, fødd i Glemmen i Østfold. Han var stortingsmann for Høgre valbolken 1919-21.

Ivar Berntsen var son til ein båtsmann. Han var sjølv sjømann i ungdomen. 1894-97 utdanna han seg til underoffiser i Halden. Elles var han i yngre år sysselsett ved snikkarverkstaden til Kværner Brug i hovudstaden, dessutan arbeidsformann ved ein sekkefabrikk i same byen. Etter å ha arbeidd på eit kontor i Fredrikstad, var han politisekretær i byen frå 1901. I 1908 vart han tilsett heradskasserar i det nye Kråkerøy herad, jamsides var han likningssekretær og fattigforstandar i heradet. Frå 1917 hadde han kasserarjobben i Glemmen og Kråkerøy Sparebank til han trekte seg tilbake i 1944.

Ved stortingsvalet 1918 vart Berntsen vald til å representere einmannskrinsen Glemmen («Glemminge») i tingperioden 1919-21. Han vart vald på eit Høgre-program. På Stortinget var han medlem i Sosialkomitéen. I Krakerøy hadde han posisjonen som varaordførar 1922-?

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1919-1921 Kategori:Stortingsrepresentantar for Smaalenenes amt Kategori:Folk frå Fredrikstad