Orlando Ortega Alejo () er ein kubansk-spansk friidrettsutøvar som tevlar i 110 meter hekk. Han vann sølvmedaljen i øving ved Sommar-OL 2016 og bronsen ved europameisterskapen 2018, i 2019-VM vart han tildelt ein bronsemedalje etter å ha vorte hindra i finaleløpet.

Aktiv Framom dei olympiske sommarleikane i London trente han i lag med Dayron Robles. På vårparten 2012 forbetra Ortega den personlege rekorden til 13,09 sekund. Under leikane i London enda han på sjetteplassen i finalen på 110 meter hekk.

Etter å ha delteke i Friidretts-VM 2013 i Moskva braut Ortega med Cuba og søkte statsborgarskap i Spania. 4. juli 2015 presterte han livsbeste og sette spansk rekord med 12,94 sekund då han vann 110 meter hekk under eit DL-stemne i Paris, den regjerande verdsmeisteren, David Oliver frå USA, vart nummer 2 på tida 12,98.

Etter ein del att-og-fram fekk Ortega løyve til delta i Sommar-OL 2016. Frå leikane i Rio de Janeiro reiste han med ein sølvmedalje, berre Omar McLeod frå Jamaica sprang fortare. To år seinare vann Ortega bronsemedalje ved EM i Berlin, langt bak dei to som gjorde opp om gullmedaljen. Også under verdsmeisterskapen 2019 tok Ortega seg til finalen på korthekken. I finalen fór han over målstreken som femtemann, undervegs låg han på andreplass til han vart forstyrra og hindra av Omar McLeod. McLeod vart diskvalifisert, og, etter klage frå det spanske friidrettsforbundet, fekk Ortega tildelt ein bronsemedalje, trass i at han fekk fjerde beste tid.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Nr 6 – 13,43 VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (13,69=nr 25) OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje – 13,17, bakom Omar McLeod (13,05) VM 2017 i London: Nr 7 – 13,37 EM 2018 i Berlin: Bronsemedalje – 13,34 VM 2019 i Doha: Nr 4/Bronsemedalje – 13,30 EM 2024 i Roma: Utslått i semifinalane (13,64=nr 13)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Orlando Ortega» frå , den 30. juni 2021.

World Athletics

Kategori:Cubanske hekkeløparar Kategori:Spanske hekkeløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Spania Kategori:Cubanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Spanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016