mini|Frå den sørlege seksjonen av gravlunden.

Vår Frelsers gravlund er ein gravlund i bydel St. Hanshaugen i Oslo sentrum, mellom gatene Ullevålsveien, Akersbakken og Akersveien. Mange kjende nordmenn er gravlagde på denne gravlunden, dels i ein særskild æreslund, dels i andre seksjonar.

Historie mini|Det gamle gravkapellet på gravlunden er no Vår Frelsers ortodokse kirke, kyrkjelydkyrkja for Hellige Olga menighet, som er Den russisk-ortodokse kyrkja (Moskvapatriarkatet) sin fyrste kyrkjelyd i Noreg i moderne tid, skipa i 1996. Kyrkja har tilkomst frå Akersveien. Gravlunden vart teken i bruk sommaren 1808. Den fyrste som vart gravlagd der var Anna Lange Thulesius, ei enke etter ein prest i Den norske kyrkja. I 1864 kom kapellet på plass. Det har vorte forandra ei rekkje gonger. Ettersom det er svært få nye gravferder på gravlunden har det vorte overdregen til den ortodokse kyrkjelyden heilage Olga, som har konsekrert den som Vår Frelsers ortodokse kirke.

I 1903 vart gravlunden teken i bruk som æresgravlund. Den fyrste som vart lagt der var målaren Hans Gude. Nokre få år etter, i 1911, var gravlunden full, og det vart berre oppretta nye gravstader der festet hadde gått ut. I 1952 slutta ein heilt å opprette nye graver, men det var framleis mogleg å bruke familiegraver der det var plass. I seinare år har ein slutta å ta imot kistegravfreder på grunn av at leirgrunnen er lite eigna for slike, og det er dermed berre mogleg med urnenedsetjingar. Frå og med 2006 var det mogleg å få oppretta nye gravstader for urner. Den siste grava som vart oppretta i æresgravlunden er Borghild Hammerich si frå 1981, og planen er at det ikkje skal kome til nye, men at den skal takast vare på som eit kulturhistorisk minne.

Ein del av gravene vart endra på 1950-talet ved at ein fjerna steinrammer for å gjere vedlikehaldet enklare. Ein finn likevel ein rekkje monumentale gravminne der, mange av dei familiegraver som har vore brukt i fleire generasjonar. Over 4500 av gravminna er verdige til å verte tekne vare på, og vert difor ikkje fjerna sjølv om festetida går ut. Det er ikkje tillate å erstatte nokre av gravminna, inkludert dei som i seg sjølv ikkje er verdige til å takast vare på, med moderne monument, ettersom ein ynskjer å ta vare på særpreget for heile gravlunden.

Den katolske kyrkja har hatt ei nær tilknyting til gravlunden, ettersom den ligg rett ved sidan av det tidlegare katolske sjukehuset Vår Frues hospital og svært nær Oslo katolske bispedømme sine kontor, bustader og domkyrkje. Det er ein eigna gravstad for katolske prestar, og eit område for St. Josephssystrene. Ingen av desse har vore brukte etter at ein slutta å tillate kistegravferder.

På den austre delen av gravlunden står eit lite klokketårn. I motsetnad til det mange trur har dette aldri vorte brukt ved gravferder; det vart brukt til å ringe ved byrjinga og slutten av arbeidstida i den perioden då det var mange tilsette som stelte gravlunden.

Personar som kviler på Vår Frelsers gravlund mini|Grava til Bjørnstjerne Bjørnson og kona Karoline. mini|Familiegrava til Henrik Ibsen. mini|Rikard Nordraak (1842–1866) si grav. Nordraak døydde i Berlin og leivningane vart overført til Vår Frelsers gravlund i 1925. mini|Johan Sverdrup sitt gravminne med byste av Gustav Lærum. mini|Skodespelarane Laura og Sigvard Gundersen.

Lista nedanfor er eit utval kjende personar som er gravlagde på Vår Frelsers gravlund. Det er ikkje meint å vere ei uttømmande liste over dei mange tusen som er gravlagde der gjennom tidene.

I æreslunden Bjørnstjerne Bjørnson, diktar Karoline Johanne Elisabeth Bjørnson Bjørn Bjørnson, skodespelar og teatersjef Olaf Bull, diktar Niels Christian Ditleff, diplomat Johanne Dybwad, skodespelar Klaus Egge, komponist Thomas Fearnley, målar Hans Fredrik Gude, målar Johan Halvorsen, komponist Carl Joachim Hambro d.e., politikar Borghild Hammerich, nødhjelpar Viggo Hansteen, høgsterettsadvokat, avretta i 1941 Kirsten Hansteen, politikar Axel Heiberg, forretningsmann Sigurd Hoel, forfattar Iver Paul Fredrik Holter, komponist og dirigent Henrik Ibsen, forfattar Suzannah Ibsen Sigurd Ibsen, politikar Bergliot Ibsen, songar Tancred Ibsen, filmregissør Lillebil Ibsen, skodespelar Ludvig Irgens-Jensen, komponist Christian Krohg, målar og forfattar Oda Krohg, målar Thorvald Lammers, komponist, songar og dirigent Jørgen Gunnarsson Løvland, politikar Edvard Munch, målar Rikard Nordraak, komponist Kaja Andrea Karoline Eide Norena, operasongar Alf Prøysen, diktar Johan Svendsen, komponist Johan Sverdrup, politikar Marcus Thrane Martin Tranmæl, fagforeiningsmann Erik Werenskiold, kunstnar Rolf Wickstrøm, sveisar, avretta i 1941 Gisken Wildenvey, forfattar Herman Wildenvey, diktar Arnulf Øverland, forfattar

Den vestre delen

Ole Jacob Broch, politikar og vitskapsmann Waldemar Christopher Brøgger, geolog Carl Christian Henrik Bernhard Dunker, advokat Olaf Wilhelm Erichsen, journalist og kriminalforfattar Wilhelm Christian Keilhau Fabritius, boktrykkar Henrik Groth, forleggar Laura Sofie Coucheron Gundersen, skodespelar Conrad Christian Parnemann Langaard, fabrikkeigar Sophus Lie, matematikar Thorvald Meyer, forretningsmann Agnes Mowinckel, skodespelar Peter Møller, apotekar Axel Otto Normann, teatersjef Carl Abraham Pihl, jernbanedirektør Ellef Ringnes, bryggerieigar Johannes Vilhelm Christian Steen, politikar Jan Peder Syse, politikar Andreas Tofte, forretningsmann og ordførar Oscar Fredrik Torp, politikar Jacob Ulrich Holfeldt Tostrup, hoffjuveler Johan Sebastian Welhaven, diktar

Den sørlege delen mini|Gina Krog si grav. mini|Ivar Aasen si grav. Christian Birch-Reichenwald, politikar Henrik Anker Bjerregaard, høgsterettsdommar og forfattar Elias Blix, salmediktar Ragnvald Blix, karikaturteiknar Matthias Numsen Blytt, botanikar Jens Bratlie, offiser og politikar Christopher Bruun, prest Johan Collett, politikar Johan Gottfried Conradi, komponist og dirigent Christian Adolph Diriks, sorenskrivar Fritz Heinrich Frølich, forretingsmann Christian Heinrich Grosch, arkitekt Aasta Hansteen, forfattar og kvinnesakskvinne Hans Abel Hielm, redaktør Jonas Anton Hielm, politikar Marius Hægstad, språkprofessor Gisle Johnson, teolog Rudolf Keyser, historikar Halfdan Kjerulf, komponist Gina Krog, redaktør og kvinnesakskvinne Christian Krohg, politikar Per Lasson Krohg, målar Mads Ellef Langaard, bryggerieigar Frederik Motzfeldt, høgesterettsdommar Peter Motzfeldt, offiser Andreas Munch, forfattar og professor Hartvig Nissen, skulestyrar Christopher Frimann Omsen, høgsterettsdommar Jens Rathke, zoolog Marcus Gjøe Rosenkrantz, politikar Ernst Sars, historikar Georg Ossian Sars, zoolog Michael Sars, zoolog Amandus Schibsted, avisredaktør Christian Schibsted, forleggar Georg Sverdrup, språkprofessor Mogens Thorsen og hustru Bertha, legatstiftarar Ivar Andreas Aasen, språkforskar

Den austre delen mini|Familiegrava til Camilla Collett og Peter Jonas Collett. mini|Henrik Wergeland si grav. Gravminnet er ei gåve frå europeiske jødar og vart avduka 17. juni 1849. Theodor Frederik Scheel Abildgaard, politikar Peter Christen Asbjørnsen, eventyrsamlar og forfattar Thomas Ball Barratt, predikant Thomas Bennett, forretningsmann Harald Berg, verkseigar Vilhelm Bjerknes, meteorolog Otto Albert Blehr, politikar Randi Marie Blehr, kvinnesakskvinne Oskar Braaten, forfattar Georg Andreas Bull, arkitekt Henrik Bull, arkitekt Camilla Collett, forfattar Jonas Collett, politikar Birger Eriksen, offiser Carl Gustav Fleischer, offiser Christian Friele, redaktør og politikar Knud Graah, fabrikkeigar Agathe Backer Grøndahl, komponist Thomas Johannessen Heftye, forretningsmann Ludvig Karsten, målar Ludvig Mathias Lindeman, organist og komponist Ole Olsen, komponist Gunerius Pettersen, grosserar Hjalmar Riiser-Larsen, flygar Anton Martin Schweigaard, politikar Christian Homann Schweigaard, politikar Christian August Selmer, politikar Johan Peter Selmer, komponist Mathias Skeibrok, bilethoggar Adolf Bredo Stabell, banksjef, redaktør og politikar Georg Stang, offiser Peter Severin Steenstrup, fabrikkeigar Rasmus Olai Steinsvik, redaktør Ole Vig, folkeopplysingsmann Andreas Friedrich Wilhelm von Hanno, arkitekt Henrik Wergeland, forfattar Hans Jacob Aall, museumsdirektør

Den nordre delen Harriet Backer, målar Eivind Berggrav, biskop og forfattar Brynjulf Bergslien, bilethoggar Knud Bergslien, målar Michael Birkeland, riksarkivar og politikar Alf Bjercke, fabrikkeigar Peder Bjørnson, prest Kristine Elisabeth Heuch Bonnevie, zoolog Sophus Bugge, filolog Francis Bull, litteraturhistorikar Lorentz Dietrichson, kunsthistorikar og forfattar Frederik Due, embetsmann Henrik Adam Due, fiolinist Mary Barratt Due, pianist Olaus Fjørtoft, redaktør Georg Ludvig Andreas Frølich, forretningsmann og oppfinnar Francis Hagerup, politikar Karl Marius Anton Johan Hals, pianofabrikant Henrik Anton Schjøtt Heltberg, skulestyrar Kitty Kielland, målar Betzy Kjelsberg, fabrikkinspektør Thomas Konow, offiser Hans Hagerup Krag, vegdirektør Magnus Brostrup Landstad, salmediktar og prest Borghild Bryhn Brunelli Langaard, operasongar Nicolay Nicolaysen, arkeolog Ragna Nielsen, pedagog og kvinnesakskvinne Erika Røring Møinichen Nissen, pianist Hans Arnt Hartvig Paulsen («Køla-Pålsen»), grosserar og byoriginal Hieronymus Arnoldus Reimers, skodespelar Johanne Regine Reimers, skodespelar Petra Sophie Alette Christine Reimers, skodespelar Amund Ringnes, bryggerieigar Anna Georgine Rogstad, pedagog og politikar Evald Rygh, forretningsmann og politikar Christian Julius Schou, grosserar Halvor Arntzen Schou, fabrikkeigar Olaf Fredrik Schou, kunstnarmesen Anna Cathrine Sethne, pedagog Harald Sohlberg, målar Eyolf Soot, målar Emil Stang, politikar Frederik Stang, politikar Johan Cordt Harmens Storjohann, prest Carl Struve, skodespelar Johan Grundt Tanum, bokhandlar og forleggar Sverre Udnæs, regissør Ingvald Undset, arkeolog Elisabeth Welhaven, forfattar Wilhelm Andreas Wexels, teolog

Kjelder

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Vår Frelsers gravlund» frå , den 11. september 2006.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Oslo Kategori:Gravstader i Noreg Kategori:Bydel St. Hanshaugen