Melodi Grand Prix 2022 var den 60. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Vinneren av tevlinga vart Subwoolfer med songen «Give That Wolf a Banana». Som vinnarar av tevlinga skal dei representere Noreg i Eurovision Song Contest 2022, som skal haldast i Torino i Italia. Tevlinga hadde fire delfinalar, ei siste sjanse-sending og ein finale. Delfinalane vart arrangerte i januar og februar, med finalen laurdag 19. februar 2022. Til saman deltar 21 låtar, og ti av dei kvalifiserer seg til finalen.
Alle sendingane fann stad i H3 Arena på Fornebu, med Kåre Magnus Bergh, Annika Momrak og Mikkel Niva som programleiarar. Bergh leia tevlinga for åttande gong, medan Momrak og Niva debuterte i år som Melodi Grand Prix-programleiarar. Delfinalane og siste sjanse-sendinga går utan publikum i salen, mens det var 500 tilskodarar i finalen.
Bakgrunn Ei vekes tid etter Eurovision Song Contest 2021 opna NRK for innsending av bidrag til den norske tevlinga i 2022. Påmeldinga varte frå 28. mai til 15. august, men fristen blei seinare forlenga til 15. september.
Tevlinga var open for alle låtskrivarar, men ein låtskrivar fekk maksimalt sende inn tre låtar. Kvart innsendte bidrag måtte ha minst ein norsk bidragsytar for å «prioritere og fremme norsk musikkliv».
I tillegg til den opne innsendinga såg NRK etter potensielle bidrag gjennom målretta søk og direkte dialog med den norske musikkbransjen. Til saman hadde redaksjonen rundt 1200 bidrag inne til vurdering.
Artistane og låtane blei presenterte under ei lanseringssending 10. januar 2022.
Sendingane Tevlinga bestod av fire delfinalar med fire låtar kvar, der vinnaren av kvar delfinale kvalifiserte seg til finalen laurdag 19. februar 2022. Dei utslegne låtane møtte i «siste sjanse»-sendinga veka før finalen, der vinnaren får ein plass i finalen. I tillegg har NRK førehandskvalifisert fem låtar til finalen, slik at finalefeltet består av ti bidrag.
Delfinalane og finalen vart sendt direkte frå H3 Arena på Fornebu, der NRK hadde slått saman to studio for å gje større fysisk plass til produksjon og scene. Det var ikkje publikum i delfinalane og siste sjanse, men i finalen var det 500 tilskodarar.
Programleiarar Kåre Magnus Bergh, Annika Momrak og Mikkel Niva leia sendingane. Bergh var programleiar for åttande gong og har med det styrkt programleiarrekorden sin i Melodi Grand Prix; den førre rekorden hadde Odd Grythe, som leia dei seks fyrste tevlingane i 1960–1965. Annika Momrak og Mikkel Niva debuterte i år som programleiarar i Melodi Grand Prix, men begge har erfaring frå barneutgåva MGPjr: Momrak vann tevlinga i 2013 som del av gruppa Unik 4, mens Niva har leia MGPjr tre gongar: i 2017, 2018 og 2019.
Konsept Hausten 2021 varsla MGP-redaksjonen fleire endringar i røystesystemet for Melodi Grand Prix. Blant anna vurderer NRK å innføre ei form for juryar i finalen for å gjere den norske utveljinga meir lik Eurovision Song Contest.
Finalen Finalen vart arrangert i H3 Arena laurdag 19. februar og vart overført direkte på NRK1, NRK P1 og NRK TV. Ti bidrag deltok – fem var førehandskvalifiserte, medan dei øvrige fem kvalifiserte seg via dei fire delfinalane og siste sjanse.
Deltakarar Startrekkjefølgja vart bestemt av produsentane av showet etter sistesjanse-programmet og offentleggjord 14. februar. Nr.ArtistTittelLåtskrivarar01Oda Gondrosen«Hammer of Thor»Morten Franck, Elsa Søllesvik, Torgeir Ryssevik og Oda Kristine Gondrosen02NorthKid«Someone»Helge Moen, Alex Charles, Sandra Lyng og Jim Bergsted03Anna-Lisa Kumoji«Queen Bees»Olli Äkräs, Alan Roy Scott, Elsbeth Rehder og Anna-Lisa Kumoji04Farida«Dangerous»Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy Bistow05Sofie Fjellvang«Made of Glass»Sofie Fjellvang og Kjetil Mørland06Frode Vassel«Black Flowers»Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen Breivoll07Christian Ingebrigtsen«Wonder of the World»Christian Ingebrigtsen, Michael Hunter Ochs og Henrik Tala08Maria Mohn«Fly»Maria Mohn og Einar Kristiansen Five09Subwoolfer«Give That Wolf a Banana»«Keith» og «Jim»10Elsie Bay«Death of Us»Elsa Søllesvik, Jonas Holteberg Jensen og Andreas Stone Johansson
Resultat I finalen framførte finalistane sine låtar direkte før sjåarane røysta på sine favorittar. Då fyrste avrøystingsrunde var over, avslørte programleiarane dei fire låtane som hadde fått flest røyster. Av desse fire avslørte programleiarane deretter kva for to låtar som fekk flest røyster av dei fire. Desse to låtene møtte kvarandre i den endelege gullduellen.
I gullduellen opptredde de to finalistane på nytt, før sjåarane røysta igjen. Røystene frå fyrste avrøysting vart nullstilte, og avrøystinga foregjekk via nrk.no eller tekstmelding.
Fyrste runde Nr.ArtistTittelStatus01«Hammer of Thor»Ute02«Someone»Til gullduell03«Queen Bees»Ute04«Dangerous»Ute05«Made of Glass»3./4. plass06«Black Flowers»Ute07«Wonder of the World»Ute08«Fly»Ute09Subwoolfer«Give That Wolf a Banana»Til gullduell10«Death of Us»3./4. plass
Gullduell Dei fire bidraga med flest røyster vart avslørt av programleiarane. Av desse fire gjekk dei to med flest røyster vidare til den avgjerande gullduellen. Låten som fikk flest røyster i gullduellen, vann Melodi Grand Prix og er det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2022. Nr.ArtistTittelPlass02«Someone»209Subwoolfer«Give That Wolf a Banana»1
Røysteresultat Røystene til dei to bidraga i gullfinalen vart leste opp landsdel for landsdel. Røystene vart leste opp av Jorun Stiansen (Sørlandet), Imerika (Midt-Norge), Jenny Jenssen (Nord-Norge), Jostein Austvik (Vestlandet) og fjorårsvinnar TIX (Østlandet). Nr.TittelSørlandet Midt-NoregNord-NoregVestlandet Austlandet Totalt02NorthKid09Subwoolfer
Delfinalane Delfinale 1 Delfinale 1 blei halden i H3 Arena laurdag 15. januar 2022, klokka 19.50–21.15. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg presenterte den førehandskvalifiserte finalisten Elsie Bay bidraget «Death of Us» i denne delfinalen. ArtistTittelLåtskrivararMira Craig«We Still Here»Mira Craig og Bård BergFrode Vassel«Black Flowers»Frode Vassel, Benjamin Larsen, Niklas Rosström og Celine Alette Pedersen BreivollTrollfest«Dance Like a Pink Flamingo»Eirik Renton og Jostein AustvikEline Noelia«Ecstasy»Eline Noelia Myreng, Audun Agnar Guldbrandsen og Tea MegaardFørehandskvalifisert finalistElsie Bay«Death of Us»Elsa Søllesvik, Jonas Holteberg Jensen og Andreas Stone Johansson
Resultat Tevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no. Nr.ArtistTittelLåtskrivararResultatDuell 11«Ecstasy», og Til gullduell2Mira Craig«We Still Here»Mira Craig og Ute, vidare til sistesjansenDuell 23Trollfest«Dance Like a Pink Flamingo» og Ute, vidare til sistesjansen4«Black Flowers», , og Til gullduellGullduell1«Ecstasy», og Ute, vidare til sistesjansen2Frode Vassel«Black Flowers», , og Til finalen
Delfinale 2 Delfinale 2 vart arrangert i H3 Arena laurdag 22. januar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen. ArtistTittelLåtskrivararLily Löwe«Bad Baby»Lill Sofie Wilsberg, Trond Holter og Victoria LandSteffen Jakobsen«With Me Tonight»Mats William Wennerberg og Nicolai HerwellFarida«Dangerous»Farida Bolseth Benounis, Rasmus Simon Vedvik Thallaug, Atle Pettersen, Peter Newman og Hannah Dorothy BistowDaniel Lukas«Kvelertak»Daniel Lukas Kalelic og Are NæssetFørehandskvalifisert finalistChristian Ingebrigtsen«Wonder of the World»Christian Ingebrigtsen, Michael Hunter Ochs og Henrik Tala
Resultat Tevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no. Nr.ArtistTittelLåtskrivararResultatDuell 11Lily Löwe«Bad Baby», Trond Holter og Victoria LandUte, vidare til sistesjansen2«With Me Tonight» og Til gullduellDuell 23Farida«Dangerous», , Atle Pettersen, og Til gullduell4«Kvelertak» og Ute, vidare til sistesjansenGullduell1 «With Me Tonight» og Ute, vidare til sistesjansen2Farida«Dangerous», , Atle Pettersen, og Til finalen
Delfinale 3 Delfinale 3 vart arrangert i H3 Arena laurdag 29. januar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen. Opphavleg skulle Subwoolfer ha framført sitt bidrag i denne delfinalen, men duoen måtte avlyse på grunn av covid-19. Også programleiar Kåre Magnus Bergh måtte stå over delfinalen, sidan han var i isolasjon på grunn av covid-19. ArtistTittelLåtskrivararMari Bølla«Your Loss»Lars Horn Lavik, Morten Franck og Mari Eriksen BøllaOda Gondrosen«Hammer of Thor»Morten Franck, Elsa Søllesvik, Torgeir Ryssevik og Oda Kristine GondrosenSturla«Skår i hjertet»Sturla Fagerli LarsenVilde«Titans»Vilde Johannessen, Ben Adams og Sindre Timberlid JenssenFørehandskvalifisert finalistNorthKid«Someone», , Sandra Lyng og
Resultat Tevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no. Nr.ArtistTittelLåtskrivereResultatDuell 11Mari Bølla«Your Loss», og Mari Eriksen BøllaUte, vidare til sistesjansen2«Hammer of Thor», , og Til gullduellDuell 23Sturla«Skår i hjerte»Ute, vidare til sistesjansen4Vilde«Titans», Ben Adams og Til gullduellGullduell1«Hammer of Thor», , og Til finalen2Vilde«Titans», Ben Adams og Ute, vidare til sistesjansen
Delfinale 4 Delfinale 4 vart arrangert i H3 Arena laurdag 5. februar 2022, klokka 19.50–21.05. I denne delfinalen deltok fire låtar. I tillegg vart ein av dei fem førehandskvalifiserte finalistane presentert i denne delfinalen. ArtistTittelLåtskrivararAlexandra Joner«Hasta la vista»Henrik Sæter og Jazara Aden HuttonMaria Mohn«Fly»Maria Mohn og Einar Kristiansen FiveKim Wigaard«La melodia»Kim Wigaard Johansen, Marius Hagen, Karianne Sissener Amundsen og Ronny JanssenSofie Fjellvang«Made of Glass»Sofie Fjellvang og Kjetil MørlandFørehandskvalifisert finalist«Give That Wolf a Banana»«Keith» og «Jim»
Resultat Tevlinga var lagd opp som ein cup. Først blei dei fire deltakarane delte inn i to duellar som blei trekte før delfinalen. Vinnarane frå kvar duell møtte deretter kvarandre i ein avgjerande gullduell, der vinnaren fekk ein plass i finalen. Sjåarane avgjorde dei tre duellane ved å røyste på NRK.no. Nr.ArtistTittelResultatDuell 11Maria Mohn«Fly»Til gullduell2Alexandra Joner«Hasta la vista»Ute, vidare til sistesjansenDuell 23Kim Wigaard«La melodia»Ute, vidare til sistesjansen4Sofie Fjellvang«Made of Glass»Til gullduellGullduell1Maria Mohn«Fly»Ute, vidare til sistesjansen2Sofie Fjellvang«Made of Glass»Til finalen
Siste sjanse
Del 1 Den fyrste delen av «siste sjanse» vert send på NRK1 og NRK P1 mandag 7. februar. Sendinga går frå NRK Marienlyst, og her vert framsyningane frå delfinalane viste. Sjåarane og lyttarane røyster fram fire låtar til del 2 av «siste sjanse» laurdag 12. februar.