mini|Inne i vengen på Holvikjekta Holvikjekta er ei nordfjordjekt, eigd av Nordfjord Folkemuseum. Ho vart bygd i 1881 på Sandane i Gloppen . Byggmeister var Jakob Apalsæt, Gloppen. Jekta er klinkbygd. Eigarar var fire bønder frå Sandane.Ola Sande, Jekter og jektebruk i Nordfjord Årbok for Nordfjord 1953. Holvikjekta er 19,70 meter lang, 8,30 meter brei og 2,95 meter djup. Den store råseglmasta var 25,75 meter lang.Bernhard and Øystein Færøyvik, Inshore craft of Norway Fremste delen av kjølen, framlotet, var sidare enn det som var vanleg på tilsvarande jekter. Dette før at ho skulle vere god å styre. Råseglet (skomfarseglet) var sauma saman av 32 dukar. Samla pris for den nye jekta, medrekna segl, skrog og rigg var 3800 kroner.Stig Tore Lunde, Sensasjonelt autentisk vestlandsjekt Kysten Utgave 2 - 2021.

Det vart som regel tre turar til Bergen kvar vår/sommar. Lasten var for det meste ved. Holvikjekta var på 40 lester. Kvar lest 3 mål ved. Jekta bar då 120 mål vårkløyvd ved. Av lettare haustkløyvd ved var lasta opp i 150 mål. Siste turen til Holvikjekta var ein last med telefonstolpar til Osterfjorden. Det var i 1906. Det var og siste året Holvikjekta vart sjøsett.

I 1909 kjøpte Nordfjord sogelag jekta for 400 kroner. Seinare vart naustet òg kjøpt for 400 kroner. Då Nordfjord Folkemuseum vart skipa i 1920 overtok dei Holvikjekta. Gloppen kommune kjøpte grunnen der naustet står. Og sidan har jekta stått der som ho opprinneleg hadde vinteropplag.

I 2025 vart Holvikjekta flytta over i eit nyoppsett vernebygg nær tidlegare opplagsstad. mini|Vernebygget oppsett i 2025

Kjelder

Bakgrunnsstoff Pedersen, Bjørn Tore : JEKTA Eventyrets farkost. Museumsforlaget Trondheim 2019

Kategori:Norske seglskip Kategori:Gloppen kommune Kategori:Historie i Gloppen Kategori:Jekter Kategori:Klinkbygde båtar