Erik Selle () er ein norsk pastor og politikar. Han vart partileiar for Dei Kristne i 2013, som seinare heitte Partiet Dei Kristne og frå 2022 Konservativt.
Bakgrunn Selle er cand.theol. frå Universitetet i Oslo der han tok mellomfag i sosialøkonomi og embetseksamen i teologi 1991–1996. Han arbeidde som feltprest i Forsvaret i 1997 og var lærar i Bærum 1998–2004.Presentasjon på Linked.in Selle er også utdanna ved Heimevernets skole- og kompetansesenter og tenestegjorde som major i Heimevernet i Bosnia i 2007. Selle var fram til 2014 pastor og administrerande direktørpurehelp.no om Erik Selle i BærumsKirken, ein pinselyd på Høvik i Bærum som Selle grunnla i 2001. Han har i tillegg vore styremedlem i Kristenfolket, ein kristenkonservativ organisasjon som vart oppretta i 2009.
Erik Selle vart første gong vald til leiar i Partiet Dei Kristne (PDK) i 2013. Ved stortingsvalet dette året stilte han som førstekandidat for partiet i Nord-Trøndelag. PDK vart danna som ei bygdeliste på Bømlo i Hordaland i 2011. I kommunestyre- og fylkestingsvalget 2015 stilte partiet lister i 69 kommunar og 19 fylke. Selle var førstekandidat i Akershus fylke og var også med på partilista for valet i Bærum kommune.PDK i kommunevalget i Bærum 2015 Ved stortingsvalet i 2017 var Selle nominert på førsteplass i både Aust-AgderStortingsvalget 2017. Valglister med kandidater. Stortingsvalget 2017 i Aust-Agder , Aust-Agder fylkeskommune. og AkershusStortingsvalget 2017. Valglister med kandidater Godkjent av fylkesvalgstyret i Akershus 15.05.2017 , Fylkesvalgstyret i Akershus. og på andreplass i Oslo.Stortingsvalget 2017. Valglister med kandidater. Stortingsvalget 2017 i Oslo, Oslo kommune.
Selle har tidlegare hatt ein periode i kommunestyret i Bærum for Høgre og har også vore medlem av Framstegspartiet.
Selle er profilert «ven av Israel» og jobba tidlegare som rådgjevar ved Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem,Dagen 2012: De Kristne klare med interimstyre ein politisk-religiøs organisasjon oppretta i 1980. Han er elles særleg opptatt av kristne i Afrika, mellom anna som nestformann i The Africa-Israel Initiative.The Africa-Israel Initiative Ved stortingsvalet i 2017 var Selle nominert på førsteplass i både Aust-Agder og Akershus, og på andreplass i Oslo. I samband med den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 har Selle vorte kritisert for å formidla russisk propaganda som legitimerer invasjonen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Erik Selle» frå , den 6. september 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Politikarar frå Partiet Dei Kristne Kategori:Norske partileiarar