Bowie at the Beeb er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie, først gjeve ut i 2000. Opphavleg vart han gjeven ut på tre CD-plater, der den tredje var ei bonusplate med eit konsertopptak frå 27. juni 2000 i Portland BBC Radio Theatre. Seinare utgåver av albumet inneheld berre dei to første platene.

Den første utgåva inneheld feilaktig den andre (plate 2, spor 13) versjonen av songen «Ziggy Stardust» to gonger på plate to, og mangla den første (plate 2, spor 5) versjonen. EMI nekta å gje ut erstatningsplater med den rette versjonen og sende i staden ut CD-plater med den eine songen i posten til kundar som ba om det.

Samlinga inneheld ein song som ikkje var gjeven ut tidlegare, «Looking for a Friend» (plate 1, spor 15), som John Peel sa var ein singel av Arnold Corns. Singelen vart seinare skrinlagd og kom aldri ut.

Innhald Alle songane skrivne av David Bowie utanom der andre er nemde.

Plate ein (Mai 1968 - juni 1971)

Plate to (September 1971 - mai 1972)

Plate tre (27. juni 2000, 'Hours')

Merknader Plate ein Spor 1 til 4 spelt inn for John Peel in Top Gear som «David Bowie and the Tony Visconti Orchestra», spor 1–3 kringkasta 26. mai 1968 Spor 5 og 6 spelt inn for D.L.T. (Dave Lee Travis Show) som «David Bowie and Junior's Eyes», henta frå sendinga 26. oktober 1969. Spor 7 til 12 spelt inn for The Sunday Show introduced by John Peel som «David Bowie and the Tony Visconti Trio (aka The Hype)», kringkasta 8. februar 1970. Spor 13 spelt inn for Sounds of the 70s: Andy Ferris som «David Bowie and the Tony Visconti Trio», kringkasta 6. april 1970. Spor 14 til 18 spelt inn for In Concert: John Peel som «David Bowie and friends», kringkasta 20. juni 1971.

Plate to Spora referer til den japanske CD-versjonen som inneheld eit eksklusivt spor Spor 1, 2 (berre på den japanske utgåva) og 3 spelt inn for Sounds of the 70s: Bob Harris av David Bowie med Mick Ronson, kringkasta 4. oktober 1971. Spor 4 til 8 spelt inn for Sounds of the 70s: Bob Harris som «David Bowie and The Spiders from Mars», kringkasta 7. februar 1972. Spor 9 til 13 spelt inn for Sounds of the 70s: John Peel som «David Bowie and The Spiders from Mars», kringkasta 23. mai 1972. Spor 14 til 17 spelt inn for Johnnie Walker Lunchtime Show som «David Bowie and The Spiders from Mars», kringkasta 5. juni 1972–9. juni 1972. Spor 18 til 20 spelt inn for Sounds of the 70s: Bob Harris som «David Bowie and The Spiders from Mars», kringkasta 19. juni 1972.

Plate tre Spelt inn to dagar etter konserten til Bowie på Glastonburyfestivalen.

Medverkande Sporanummera referer til den japanske utgåva av albumet, som inneheld ein eksklusiv song. David Bowie – vokal, gitar, klaverinstrument The Tony Visconti Orchestra: Herbie Flowers – bass Barry Morgan – trommer John McLaughlin – gitar Alan Hawkshaw – klaverinstrument Tony Visconti – korvokal Steve Peregrin Took – korvokal Junior's Eyes: Mick Wayne – gitar Tim Renwick – rytmegitar John «Honk» Lodge – bass John Cambridge – trommer The Tony Visconti Trio aka The Hype: Tony Visconti – bass Mick Ronson – gitar John Cambridge – trommer David Bowie and friends: David Bowie – vokal, gitar, klaverinstrument Mick Ronson – gitar, vokal Trevor Bolder – bass Mick Woodmansey – trommer Mark Carr-Pritchard – gitar George Underwood – vokal Dana Gillespie – vokal Geoffrey Alexander – vokal David Bowie and The Spiders from Mars (plate 2, spor 4–20): David Bowie – vokal, gitar Mick Ronson – gitar, vokal Trevor Bolder – bass Woody Woodmansey – trommer Plate 3, 27. juni 2000: David Bowie – vokal Earl Slick – gitar Mark Plati - gitar og bass Gail Ann Dorsey - bass, gitar og vokal Sterling Campbell - trommer Mike Garson - piano og klaverinstrument Holly Palmer - korvokal og perkusjon Emm Gryner - korvokal og klaverinstrument

Andre medverkande Nicky Graham – piano på plate 2, spor 9–20

Teknisk Bernie Andrews – produsent, plate 1 spor 1–4, 13 Pete Ritzema – lydteknikar, plate 1 spor 1–6, produsent plate 2 spor 9–13 Alan Harris – lydteknikar, plate 1 spor 1–4 Paul Williams – produsent, plate 1 spor 5–6 Jeff Griffin – produsent, plate 1 spor 7–12, 14–18, plate 2 spor 4–8, 18–20 Tony Wilson – lydbalanse, plate 1 spor 7–12 Chris Lycett – assistent, plate 1 spor 7–12, lydbalanse plate 1 spor 14–18, plate 2 spor 4–8, 18–20 Nick Gomm – lydteknikar, plate 1 spor 13, plate 2 spor 9–13 John Etchells – assistent, plate 1 spor 14–18, plate 2 spor 4–8, 18–20 John F. Muir – produsent, plate 2 spor 1–3 John White – lydteknikar, plate 2 spor 1–3 Bill Aitken – lydteknikar, plate 2 spor 1–3 Roger Pusey – produsent plate 2 spor 14–17

Salslister og salstrofé Vekeslister Liste (2000-2016)Plassering

Årslister Liste (2000)PlasseringUK Albums (OCC)146

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bowie at the Beeb» frå , den 20. september 2021.

Kategori:BBC-innspelingar Kategori:Samlealbum av David Bowie Kategori:Konsertalbum av David Bowie Kategori:Konsertalbum frå 2000 Kategori:Samlealbum frå 2000 Kategori:EMI Records-album Kategori:Virgin Records-album