mini|Nymånen fotografert i Egypt. Hilal (, hilāl) er arabisk for halvmåne og er eit viktig symbol og haldepunkt i islam.

Synet av nymånen markerer byrjinga av ein ny månad i den muslimske kalenderen. Dette fastset dermed viktige høgtider, som id ul-fitr og nyttår. Koranen nemner nymånen som eit middel til å måla tiden for menneska og til å slå fast valfarten.Koranen 2:189. Jf. koran.no og norskkoran.no

Muslimske lærde studerte astronomi for å betre kunna fastsetja kva tid nymånen kom til å visa seg. Nokre grupper muslimar, som ismailiar, har gått inn for å rekna ut kva tid nymånen kjem til å syna seg, men størsteparten av sunnimuslimar held fast ved at ein faktisk skal sjå månen for at den nye månaden skal byrja.

Halvmånen blir brukt som symbol på ein del moskéar og i lag med ei femtakka stjerne på flagga til fleire muslimske land, som Algerie, Aserbajdsjan, Pakistan og Tunisia. Det blir òg brukt som alternativ til krossen av Raudekrossen i muslimske område.

Hilal er også eit vanleg namn for personar og verksemder i den arabiske og muslimske verda.

Kjelder

Kategori:Arabiske ord og uttrykk Kategori:Muslimsk tidsrekning Kategori:Muslimske symbol