Mona Lill Fagerås () er ein norsk lærar og politikar frå Buksnes i Vestvågøy. Ho var 2015-17 fylkesråd for næring i Nordland, og var stortingsrepresentant frå Nordland for Sosialistisk Venstreparti frå 2017 til 2025.
Fagerås er utdanna lærar ved Høgskolen i Tromsø og studerte sosiologi ved Universitetet i Tromsø. Frå 1996 underviste ho på ulike skular, var ei tid rektor ved Buksnes og Opdøl skole.
Fagerås var kommunestyremedlem i Vestvågøy frå 2003, frå 2011 med sete i formannskapet. Etter fylkestingsvalet 2015 tok Fagerås over som Nordlands fylkesråd for næring og regional utvikling, ein posisjon ho hadde til hausten 2017. Ved stortingsvalet 2017 var ho SV sin fyrstekandidat i Nordland, og fekk plass på Tinget med utjamningmandat. Ho vart attvald til Stortinget 2021-25. Perioden 2017-21 var ho medlem i Utdannings- og forskningskomiteen.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå SV Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Fylkestingspolitikarar i Nordland Kategori:SV-politikarar i Nordland Kategori:Lokalpolitikarar i Vestvågøy Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Harstad Kategori:Folk frå Vestvågøy