Sveinung Stensland () er ein norsk farmasøyt og politikar frå Haugesund. Han har sidan 2013 vore stortingsrepresentant frå Rogaland for partiet Høgre.

Stensland er utdanna cand.pharm. ved Universitetet i Oslo. Frå 2000 til 2011 var han regioneleiar i firmaet Apotek 1. Perioden 2007-13 var han så vel kommunestyremedlem i Haugesund, som fylkestingsrepresentant i Rogaland. I fylkestinget sat han 2011-13 som leiar av administrasjonsutvalet.

I 2013 vart Stensland vald til vararepresentant til Stortinget. Han møtte heile tingperioden 2013-17 i staden for statsråd Bent Høie. Frå 2017 hadde Stensland fast sete i Stortinget, attvald i 2021. Alle sesjonane i tida 2013-21 var han med i Helse- og omsorgskomitéen, dei siste fire som nestleiar.

Kjelder

Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk frå Haugesund