James Jeremiah Murphy () er ein USA-amerikansk musikar, DJ, songar, låtskrivar og plateprodusent. Det mest kjende prosjektet hans er LCD Soundsystem, som først vart kjend med singelen «Losing My Edge» i 2002 før dei gav ut det sjølvoppkalla debutalbumet sitt i februar 2005 til god kritikk. Det andre og tredje albumet til LCD Soundsystem, Sound of Silver (2007) og This Is Happening (2010) fekk òg god kritikk. Begge albuma nådde topp 50 på Billboard 200.

LCD Soundsystem vart kåra til ein av Rolling Stone sine New Immortals—«for tida aktive (eller berre nyleg nedlagde) artistar som dei trudde ville stå tidstesten.» I 2011 vart det annonsert at LCD Soundsystem kom til å oppløysast etter ein siste konsert 11. april 2011 i Madison Square Garden. Åre etter følgde Murphy andre kunstnariske prosjekt, somme av dei musikkrelaterte og andre ikkje. Tidleg i 2016 kom bandet saman att og spelte på Coachella-festivalen, og gav ut det fjerde albumet sitt, American Dream.

Diskgorafi

Med LCD Soundsystem LCD Soundsystem (2005) Sound of Silver (2007) This Is Happening (2010) American Dream (2017)

Med Falling Man A Christening (1988)

Med Pony Cosmovalidator (1994)

Med Speedking The Fist and the Laurels (2002)

Solo DoYaThing (2012) Remixes Made with Tennis Data (2014)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «James Murphy (electronic musician)» frå , den 28. september 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske DJ-ar Kategori:USA-amerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske plateprodusentar Kategori:Musikarar frå New Jersey Kategori:LCD Soundsystem-medlemmar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:USA-amerikanske post-punk-musikarar